NRK Meny

Stakk av frå dopingaksjon

Politiet har nå teke fem fleire personar i samanheng med dopingaksjonen mot tre treningsstudio i Rogaland på tysdag. Ifølgje Stavanger Aftenblad greidde to personar å stikka av under aksjonen mot Club Atletich på Bryne. Desse blei torsdag tekne med 20.000 kroner i kontantar samt narkotika og anabole steroid. Tre andre blei også arresterte i denne samanheng.