Hopp til innhold

Megaspel kjem som perler på ei snor framover: – Eg har gledd meg i årevis

Dei neste vekene kjem fleire store spel ut og gamerar gler seg. På lista står gigantar som Elden Ring og Horizon Forbidden West samt ein haug indie-spel.

Februar og mars er nesten som ei høgtid å rekne for nokre av oss. Då kjem dei store spelutviklarane med sine tungvektarar.

I år bidreg også koronaen til at dei neste vekene verkeleg vert ein godtepose av underhaldning og kunst.

Stine Thomassen gler seg spesielt mykje til Horizon Forbidden West kjem den 18. februar.

– Det ser så bra ut, og det første spelet var heilt fantastisk. Eg trur nesten ikkje det kan bli betre, men plutseleg toppar dei det førre spelet med det som kjem no, seier ho.

Stine Thomassen

Stine Thomassen gler seg spesielt mykje til Horizon Forbidden West: – Historia er ekstremt spennande. Det er superfengande, og eg gler meg til å finne ut kva som skjer vidare, seier ho.

Foto: Elise Pedersen / NRK

Har venta i fleire år

I år er det spesielt eitt spel Andreas Vårvik gler seg til.

– Om eit par veker kjem Elden Ring ut, noko eg har gledd meg til i årevis. Eg har følgt med på den serien sidan det første spelet kom ut i 2009, seier han.

Sidan då er det blitt sloppe sju spel i same sjanger; Demon's Souls, Dark Souls 1, 2 og 3, Bloodbourne, Sekiro og no kjem Elden Ring.

– Eg har gått tilbake til alle spela sidan 2009, og spelt gjennom dei for å oppleva alt som har skjedd i dei tidlegare spela, seier Vårvik.

Andreas Vårvik i Outland-butikken i Stavanger

Andreas Vårvik har i forkant av utgivinga spelt seg gjennom alle tidlegare versjonar i det same spirituelle universet som Elden Ring.

Foto: Elise Pedersen / NRK

– Heile februar er heilt sjuk

Grunnen til at februar og mars er populære månadar å sleppe spel på, er at selskapa då rekk å få med inntektene frå salet i finansåret som varer ut mars, opplyser Rune Fjeld Olsen.

Han er spelkritikar hjå NRK, og har tidlegare skrive om korleis 2022 kan bli tidenes spelår.

Rune Fjeld Olsen

Rune Fjeld Olsen er ein av Noregs mest profilerte gaming-journalistar og har fleire tiår med erfaring. I dag jobbar han deltid med spelkritikk i NRK.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / Siri Vålberg Saugstad

– Heile februar har vore heilt sjukt. Heilt i starten kom Dying Light 2 og nyleg kom Sifu. Båe dei spela kjem til å ende mot toppen på mange sine topplister for året, det er eg heilt sikker på, seier han.

Men han er ikkje i tvil om kva han sjølv gler seg mest til.

– Det er sjølvsagt Elden Ring. Eg er ein veldig, veldig stor fan av From Software, og når dei kjem med eit nytt spel regissert av Miyazaki, so er det ingenting som overgår det altso, seier Olsen.

Du kan lese meir om Elden Ring og andre storspel som kjem i år her:

Les også «Spillåret 2022 kan bli tidenes beste»

Elden Ring 2022

Har ikkje på alarm, akkurat

Sebastian Rob Kolnes er 30 år og har spelt på ulike konsollar i 25 av dei.

– Eg gler meg veldig til tre av spela som kjem no i februar. Spesielt Sifu, Elden Ring og Horizon Forbidden West, seier han.

Sjølv om han gler seg til at spela skal bli sloppe, set han ikkje på nokon alarm på telefonen.

Sebastian Rob Kolnes

Sebastian Rob Kolnes seier han stoler mest på at Horizon Forbidden West lev opp til forventningane. Han er mest spent på Sifu

Foto: Elise Pedersen / NRK

– Eg prøver å unngå det, fordi eg blir så utolmodig. No veit eg at dei kjem i løpet av februar, so må eg stikke hovudet innom av og til for å sjekke.

Å bestille spel på førehand vil han heller ikkje.

– Eg har brunne meg mange gongar på det. No ventar eg til det har vore ute ei stund og ser litt på meldingar og gameplay. Eg vil ikkje sitje med spel som eg ikkje har tid eller lyst til å spele. Eg må finne ut om det lever opp til forventingane først, seier Kolnes.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg