Hopp til innhold

Speidarane har blitt for fine for plastdo

– Me må berre erkjenna at verken dei vaksne, eller ungane, liker å gå på utedoane av plast, seier Ivar Anton Nøttestad, som er dagleg leiar i Norges største speidargruppe; Madlaspeiderne. Dermed blir det flotte vassklosett under årets landsleir.

Speiderdo

Om få veker er det landsleir for norske og utanlandske speidarar på Madla i Stavanger. I år treng ingen grua seg for å gå på illeluktande toalett. (Bilete er frå speidarleiren på Lista flystasjon i 2010)

Foto: KFUK-KFUM / NRK / Scanstockphoto

Ivar Anton Nøttestad

Dagleg leiar i Madlaspeiderne, Ivar Anton Nøttestad.

Ute på ei aude mark på Madla i Stavanger jobbar Ivar Anton Nøttestad. Han er dagleg leiar i Madlaspeiderne, og i full gang med førebuingane til landsleir. Snart skal om lag 8000 speidarar, frå inn- og utland, samlast her.

Sjølv om Nøttestad har vore med på dette mange gonger før, er det likevel noko som er heilt nytt denne gongen.

Forventa av samfunnet

For første gong i historia, skal ein norsk landsleir for speidarar bli arrangert med vassklosett, i staden for dei tradisjonelle «festivaltoaletta».

– Me må berre erkjenna at verken dei vaksne, eller ungane, liker å gå på utedo i ein så lang periode, seier Nøttestad.

– Men bør ikkje speidarane tola litt dritlukt?

– Dei toler nok litt dritlukt, men samfunnsutviklinga er slik at når ein skal arrangera eit så stort arrangement blir det også forventa at ein skal ha vassklosett, seier han.

Han legg til at saka hadde vore annleis om det var snakk om ei langhelg, men landsleiren skal vare ei heil veke (6. – 13. juli).

Får mann i campingvogn på kjøpet

Det er ikkje eit lite opplegg arrangørane skal ha på plass, før leiren opnar om nokre veker.

17 brakker og 320 toalettringar skal gjera det mogleg for alle treng det, å letta på trykket. Preben Fagerholt er også med på organiseringa av toaletta.

– Brakkene kjem her saman med ein mann som skal bu i campingvogn under heile arrangementet. Han har ansvar for at alt går som det skal med vassklosetta, seier Fagerholt.

Han kjenner berre til at dei i Danmark har nytta vassklosett på speidarleir tidlegare.

Med dei nye toaletta slepp dei nå dagleg tømming og dessutan er dei meir stødige.

– Det skjer jo ein del tulling og flørting på speidarleir, mellom anna ved å rista litt i toaletta der det sit nokon. Dette er ei form for flørting som me nå unngår, seier Nøttestad spøkjefullt.

«Bomullsgenerasjonen»

Likevel er Nøttestad alvorleg når han snakkar om samfunnsutviklinga, som vassklosettet på speidarleir er eit produkt av.

Speidaren er kjent for å laga eigne løysingar av det naturen har å tilby, og for mange er det nok trist at dei gamle utedoa ikkje lenger held mål på leir.

– Barn og ungdom toler mindre i dag enn dei gjorde tidlegare, og det er det me vaksne som er skuld i. Det er ikkje utan grunn dei blir kalde «bomullsgenerasjonen», me pakkar dei jo inn i bomull, seier Nøttestad.

Vassklosett på festival

Det er vassklosett av denne typen, som skal koma på landsleiren til speidarane.

Flere nyheter fra Rogaland