Hopp til innhold

Sola på topp og Lund på botn

Det er i Sola kommune innbyggjarane i snitt tente mest pengar i 2015, medan Lund ligg på botn av lista.

Sola-ordføraren og Lund-ordføraren

TOPP OG BOTN-KOMMUNANE: Sola-ordførar Ole Ueland (t.v.) er glad for å vera på inntektstoppen, men er uroleg over mange arbeidsledige i kommunen. Lund-ordførar Olav Hafstad er glad for å ha mange i jobb, og bryr seg lite om dei ligg på botn av inntektslistene i Rogaland.

Foto: NRK

– Arbeidsplassar er viktigare enn høg løn, og her i Lund har me faktisk så låg arbeidsløyse at me ikkje får ekstra sysselsetjingsmidlar på statsbudsjettet, seier Ordførar Olav Hafstad i Lund kommune.

Han tek det med andre ord ikkje tungt at kommunen hans er den i Rogaland der gjennomsnittsinntekta er lågast med 274.000 kroner. Sola er i heilt andre enden med 422.000 kroner.

Høg inntekt mange arbeidsledige

Ordførar i Sola, Ole Ueland, er godt nøgd med å vera på topp, men uroar seg likevel over at mange er utan jobb.

– Dette er slik det har vore. Me har fleire innbyggjarar med god inntekt, og det er med glade for, for dei bidreg bra med mykje til fellesskapet slik at det kan vera godt å bu i denne kommunen. Akkurat nå er me likevel urolege for den høge arbeidsløysa, og me skulle ønske at det var fleire som var i jobb, hadde inntekt og var med på å bidra.