Ole Morten Storli og Jørgen Lunde Svendsen frå Sauda blei sist sett 5. juni.
Det har blitt søkt etter dei to etter at politiet fekk utskrifter frå Telenor som viste at dei to var i Ropeid-området om ettermiddagen den 5. juni.
Søket har ikkje gitt resultat, seier fungerande lensmann Randi Kalvik i Sauda.
Neste måndag skal politiet få hjelp frå forsvaret til å søke frå ein miniubåt i sjøen langs riksveg 520 som eit siste forsøk, seier Kalvik.