Hopp til innhold

Her er triksa for å få bunadskjorta perfekt

Ligg bunadskjorta framleis i ein krøll i skåpet? Fortvil ikkje – her får du stryketips før den store dagen.

Siv Hodne, dagleg leiar i Husfliden i Stavanger, forklarer korleis ein skal stryka bunadsskjorta.

SJÅ VIDEO: Her syner Siv Hodne korleis ein bør stryka bunadskjorta.

I morgon feirar me at det er 200 år sidan Grunnlova blei vedteken, og kanskje er det derfor ekstra viktig at alt er perfekt. Sko skal skina, hår skal kjemmast og sist men ikkje minst; bunadskjorta skal vera stroken.

Men for mange er det ei utfordring å få denne luftige linskjorta perfekt stroken. NRK har derfor bede Siv Hodne, dagleg leiar i Husfliden i Stavanger, om å koma med sine beste triks.

I videoen syner ho korleis skjorta skal strykast, håpet er at det kan vera til hjelp på den store dagen.