NRK Meny
Normal

– Ei fantastisk natt

Klar himmel har gjort at mange folk over heile landet har fått med seg det spektakulære meteorregnet Geminidene kombinert med nordlys i natt. Sjå bilete frå den flotte himmelen her!

Nordlys over Karmøy

TORVASTAD: Frilansfotograf Kjell Bua var ute på Karmøy i natt og fanga opp den fantastiske himmelen.

Foto: Kjell Bua

Meteorsverm

Kjell Bua fanga også opp meteorregnet som har prega himmelen sidan i går kveld.

Foto: Kjell Bua

– Det har vore ei fantastisk natt, som eg ikkje har sett maken til på veldig lang tid, seier frilansfotograf Kjell Bua.

I natt koste han seg med himmelen over Karmøy, som viste seg frå si aller flottaste side. Han stod like ved Torvastad kyrkje og sikra seg blinkskot av både meteorregnet og nordlyset, som heilt tilfeldig kom på likt.

Fleire andre folk frå heile landet har også teke kontakt med NRK for å fortelja om den flotte himmelen.

Dei har sett stjerneskot både i natt og tysdag morgon.

Bergen:

Laster Instagram-innhold

Mosterøy:

Laster Instagram-innhold

Vinstra:

Laster Instagram-innhold

– Ei svær eldkule

Ein av desse er Pete Seglem som var ute å køyrde på E39 i Bjerkreim i 06-tida i dag då han kikka opp på himmel.

– Plutseleg såg eg ei svær grøn eldkule som gjekk frå venstre mot høgre på himmelen. Det såg ut som om den trefte bakken langt framføre meg. Det såg nærmast ut som ein UFO, seier Seglem, som aldri har opplevd maken.

Årsaka til den spektakulære himmelen er ifølgje den amerikanske nettsida Spaceweather.com det årlege meteorregnet Geminidene. I tillegg har jorda blitt treft av ein straum av solvind i høg fart. Noko som har ført til geomagnetiske stormar og nordlys rundt polarsirkelen. Og heilt sør til Nord-Tyskland.

Kombinert med klar himmel så blir det lysshow for folk over heile landet. Nettsida skriv at under ideelle forhold kan det koma så mange som 120 meteorar i timen.

Sandvesand på Karmøy

Dette flotte bilete er frå Sandvesand på Karmøy. Det er Magnus Jonas Fjell som har teke det.

Foto: Magnus Jonas Fjell

Heilt tilfeldig med Nordlys og Geminidene på likt

Per Amund Amundsen er professor i fysikk ved Universitetet i Stavanger og medlem Astronomisk foreining i Stavanger.

– Det var heilt tilfeldig at me fekk Nordlys og Gemidene på ein og same kveld. Me hadde styremøte i foreininga i Hå, og måtte sjølvsagt ut å sjå på himmelen alle mann, fortel Amundsen til NRK.no.

Han legg til at sjølv om Geminidene i prinsippet er årleg, så har den gjort meir og meir av seg dei siste åra.

– Det var relativt overraskande, seier han om den spektakulære kombinasjonen av Nordlys og stjerneskot.

Støv og Sandkorn

Ifølgje Bergens Tidende er det som skjer at jorda passerer gjennom dei tettaste delane av støvbandet frå asteroiden 3200 Phaethon.

Dermed kjem støv og sandkorn inn i atmosfæren vår med ein ekstrem fart. Dei brenn opp på grunn av varmen frå luftmotstanden og syner på himmelen som stjerneskot, eller lysstriper.

Randaberg:

Laster Instagram-innhold

Sola:

Laster Instagram-innhold