Hopp til innhold

Slik blir hausten på Stavangeren

Revy- og musikkscena Stavangeren lanserte i dag sitt haustprogram. Programsjefen kallar det det mest varierte nokonsinne.

Diverse drypp frå komande forestillingar på Stavangeren.

– Stavangeren har aldri nokonsinne hatt så mange ulike arrangementer på eit haustprogram, og det er me veldig godt nøgde med, seier programsjef Hans Petter Jørgensen.

Sjølv om det blir mest fokus på "lått og løy", er det større variasjon på programmet i haust.

– Det blir mellom anna ein god del konsertar. Og allereie neste fredag blir det konsert med Randi Tytingvåg-trio, seier Jørgensen.

Vidare skal også Hanne Boel og Reidar Larsen spela konsert på revyscena.

Skal få folk til å le i tøffe tider

Hovudshowet i haust blir revyen "Født på solsiden". Revyen med Pål Magnor Kvammen og Rune Bjerga har premiere 14. oktober. Den tar for seg dei dårlege tidene som regionen står overfor.

– Først og fremst handler det om å få folk til å le i desse tøffe tidene. Men me tek også opp noko av problematikken, seier Pål Magnor Kvammen.

Andre som skal få rogalendingane til å le i haust er Trine Lise Olsen og Else Kåss Furuseth.