Hopp til innhold

Norsklærarar lurer på om Udir ikkje bruker ordbok når dei lagar eksamen

Norsklærarar reagerer på fleire skrivefeil i oppgåveteksten VG3-elevane fekk utdelt til sidemålseksamen i nynorsk på tysdag.

Sidemåleksamen med skrivefeil

SKRIVEFEIL: Lærarar reagerer på skrivefeil i sidemålseksamen VG3-elevane fekk utdelt på tysdag. Her er to av dei ringa rundt med raud penn.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Kvart år er det eit eller anna med oppgåvene frå Utdanningsdirektoratet, seier norsklærar Kristin Brattetaule Manger.

Etter norsk sidemålseksamen på VG3 tidlegare i veka har diskusjonen gått for fullt i ulike Facebookgrupper for norsklærarar. For mange elevar er sidemålet nynorsk.

Kristin Brattetaule Manger

Norsklærar Kristin Brattetaule Manger.

Foto: Privat

Utdanningsdirektoratet (Udir) har mellom anna skrive «ein langsvarsoppgave», «forrige» i staden for det riktige nynorskordet førre, og den som får Manger til å trekke på smilebandet: «dei vedlaga tekstane».

– Der har dei jobba hardt med å finne eit ord og ikkje brukt ordboka, seier ho.

– Dette beklagar vi, seier avdelingsdirektør i Udir Per Kristian Larsen-Evjen.

Sjå heile svaret frå Udir lenger nede i teksten.

Gir Udir middels måloppnåing

Hadde det vore ein av hennar elevar, ville vedkommande fått ein kommentar på at det er viktig å lese gjennom før ein leverer.

Det trur ho ikkje Udir har gjort.

– Dei veit at det heiter oppgåve, for det har dei skrive i neste linje. Det er veldig slurvete. Dersom dei lurte på om det var valfritt, kunne dei vel slått det opp? seier Manger.

Ho spør seg kva prosessar Udir har når dei lagar oppgåvene. Og har eit konkret tips til korleis oppgåvene kan bli riktige.

– Heilskapen er god, men dei snublar litt når dei ikkje slår opp i ordboka. Ein time løn til ein norsklærar som kunne gått gjennom, så hadde dei spart seg for mange pinlege situasjonar, meiner ho.

Feil i sidemålseksamen

Fleire feil i eksamensoppgåva.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Kva tenker du om måloppnåing når det gjeld sentrale reglar for bøying i norsk?

– På ungdomsskulen der eg underviser, ville eg ha sagt at dette er forgløyming. Men det handlar om signala det sender. Eg synest det seier noko om manglande respekt for språket vårt. At dei har gløymt at vi har både nynorsk og bokmål.

Ein annan lærar NRK har vore i kontakt med, ville trekt ned karakteren når det gjeld språkføring og formelle ferdigheiter.

Ho viser til vurderingskriteria som Udir har laga og lagt ved eksamen.

Udir beklagar

Udir seier dei har blitt kontakta av ein person som har påpeikt feil i nynorskversjonen av sidemålseksamen.

– Eksamensoppgåvene blir laga av ei gruppe lærarar som underviser i faget. Fagansvarlege i Utdanningsdirektoratet gjennomfører også ei kvalitetssikring, og i tillegg bruker vi konsulentar i mange fag, seier avdelingsdirektør Per Kristian Larsen-Evjen.

Per Kristian Larsen-Evjen, avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet

Avdelingsdirektør i Udir, Per Kristian Larsen-Evjen.

Foto: Udir

Språkvask av eksamensoppgåver og vedlegg, og omsetting av tekstar mellom nynorsk og bokmål blir gjort av profesjonelle omsetjarar dei har avtale med.

Den omtala eksamensoppgåva i nynorsk sidemål blei omsett og kvalitetssikra av Udir sitt interne fagteam, ifølge avdelingsdirektøren.

– Vi lagar om lag 1500 eksamenar i år. Vi ønsker sjølvsagt at desse er av så god kvalitet som mogleg, men av og til kan det skje feil, seier Larsen-Evjen.

Flere nyheter fra Rogaland