Hopp til innhold

Dette verktøyet skal finna stolne syklar

Ved hjelp av eit innebygd sporingsverktøy i ramma på sykkelen kan du i framtida finna din stolne sykkel.

Ved hjelp av eit innebygd sporingsverktøy i rama på sykkelen kan du i framtida finna din stolne sykkel.

VIDEO: Her viser Ole Martin Ølmheim (23) korleis han kan spora opp syklar ved hjelp av teknologien han har utvikla saman med nokre studiekameratar.

Det er i alle fall håpet til gründer Ole Martin Ølmheim (23) frå Stavanger.

Han har fått etablerartilskot frå Innovasjon Norge og får i tillegg profesjonelle gründer-råd frå Jæren produktvikling til å få ferdigstilt forretningsplanane han har i lag med eit par studiekameratar.

Oppfinninga går ut på å gøyma ein GPS-komponent inne i ramma på sykkelen. Ved hjelp av GSM-nettet (mobilnettet) sender den posisjonen vidare til ein pc eller mobiltelefon.

Kan finna syklar både inne og ute

Sporing av syklar

På ein PC eller mobiltelefon kan du nøyaktig sjå kor sykkelen er til ei kvar tid med oppfinninga.

Foto: Kristoffer Møllevik

Fordelen er at eininga kan finna posisjonen i område der det ikkje er GPS-dekning, men den vil ikkje fungera utan telefondekning.

– Dette gjer at våre kundar kan finna igjen stolne syklar via ein pc eller app. Systemet gjer at folk kan finna igjen syklane like lett inne i hus som ute i det fri, seier Ølmheim.

Oppfinninga er svært aktuell. I alle fall om ein ser på statistikken frå politiet som viser at talet på sykkeltjuveri aukar kraftig i Rogaland politidistrikt.

Første halvår i år var det over 30 prosent fleire sykkeltjuveri samanlikna med same periode i fjor.

Fleire utfordringar

Sykkelsporing

GPS-komponenten blir gøymd inne i ramma på sykkelen.

Foto: Kristoffer Møllevik

Men fleire har prøvd seg på sporingsverktøy for syklar før. Dagleg leiar i Falck sykkelregister, Geir Kamsvåg, peikar på fleire utfordringar.

– Det eine er levetida på batteria som ein treng for å senda ut signala. Det andre er at batteria og komponenten skal tola det tøffe klimaet i landet vårt, og det tredje er korleis ein skal klara å senda signala gjennom rammene på syklane, seier han.

Men dersom ein klarer å løysa desse utfordringane vil sporingsverktøy som dette vera veldig bra for å finna stolne syklar, ifølge Kamsvåg.

Håpar å vera klar til julehandelen

Den 23 år gamle studenten og gründeren frå Stavanger seier ambisjonane er å ha ei batterilevetid som gjer at du berre treng å lada komponenten ein gong i månaden, og at dei har testa ut signalutfordringane.

– Per dags dato har me til gode å finna ein plass der det ikkje er gode signal. Då skal du veldig langt opp på fjellet, seier han.

Går alt etter planen er sporingsverktøyet klart i midten av november, slik at produktet er klart for julesalet.

Flere nyheter fra Rogaland