SKAL HA VORE INNE I TINAS HUS:
Ein av dei drapssikta i Tina-saka skal ha sagt i opptak at dei var inne i Tinas leilegheit etter drapet og henta ting, det melder Dagbladet måndag kveld. I sommar fekk politiet det første lydopptaket, men no på fredag fekk dei eit nytt lydopptak med ein av dei sikta.