– No er fyllingsgraden i Blåsjø mellom 70 og 80 prosent. På same tid i fjor var fyllingsgrada 40 prosent, seier pressekontakt Lars Magnus Günther i Statkraft til NRK.
Blåsjø er omtrent på normalen. Det siste veka i september var fyllingsgraden i Noreg 82,8 prosent.
Blåsjø, som ligg i kommunane Hjelmeland, Suldal og Bykle, er det største kraftmagasinet i Noreg målt i kraftproduksjon. Energipotensialet er rundt 7,7 TWh.
Pressekontakt i Statkraft, Lars Magnus Günther.
Foto: StatkraftLyse Produksjon, som eig i alt 20 kraftverk i Rogaland, merkar også at kraftsituasjonen i år er mykje betre enn i fjor.
Har byrja å tappe ut på Møsvatn
Administrerande direktør Sindre Ims er førebels ikkje i ein situasjon der dei må tappe ut vatn.
– Det er fleire plassar i Sør-Noreg der det renn over eller blir tappa, seier Ims.
Men at situasjonen var ein heilt annan i fjor, er det ingen tvil om.
– Dette er heilt fantastisk. Det er godt å få ein pause frå dei høge prisane. Dette monnar også om vinteren. All nedbør betyr noko for prisane i Sør-Noreg, seier han.
Ved Hydro sitt magasin i Møsvatn i Vestfold og Telemark, Noregs fjerde største reguleringsmagasin, har dei allereie byrja å tappe ut vatn.
Hydro sitt magasin ved Møsvatn i Telemark.
Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRK200 prosent meir nedbør
Det er ein ganske enorm kontrast til i fjor, då fyllingsgraden var rundt 40 prosent på denne tida.
– Vi har hatt mykje nedbør i haust, men det er ikkje noko dramatikk rundt dette. Vi ser på kor mykje vatn som kjem til å komme til magasina framover og kor mykje vi må ta ut, seier Jostein Eggerud i Aust-Telemarks Brukseierforening som har ansvaret for konsesjonsforpliktingane i kraftanlegget.
Ifølgje Eggerud har det no vore 50 prosent meir nedbør enn i eit normalår. I fjor var det 50 prosent mindre enn i eit normalår.
– Det er no mykje kraft å tilby marknaden. Det vil påverke kraftprisen i positiv grad, sjølv om det er mange andre faktorar som bidrar.
– Har det regna unormalt mykje i år?
– Det ligg over normalen, men det er ikkje unormalt for det. Vi har vore i denne situasjonen tidlegare, seier Eggerud.
Fyllingsgraden til vassmagasina har variert enormt frå i fjor til i år.
Foto: Pål Tegnander / NRKTing har skjedd med kraftsituasjonen i Noreg det siste året. Det blir spegla i straumprisen. 29. september 2022 var gjennomsnittsprisen på rundt 3,5 kroner per kWh. Same dato i 2023 var han rundt 30 øre per kWh.
Ifølgje Ims er prisen frå i fjor tilnærma usannsynleg å sjå igjen i år.
– Om det blir tørt vêr, vil vi nærme oss prisane i Tyskland. Om det blir ekstremt tørt, får vi like prisar med Tyskland, seier Ims.
Straumprisen i Tyskland ligg 29. september rundt 1,26 kroner per kWh.
Maks ei krone til vinteren
Ims poengterer også at det tyske prisnivået er usannsynleg.
– Det er ekstremt lite truleg at vi får like prisar som Europa før vinteren kjem. Men når vinteren kjem, kan vi komme dit, seier Ims.
Analysesjef i Volue Insight, Tor Reier Lilleholt.
Foto: Asbjørn Odd Berge / NRKAnalysesjef i Volue Insight, Tor Reier Lilleholt, seier det berre er fyllingsgraden i vassmagasina som gjer at vi ikkje får høgare straumprisar i Noreg no.
– Det blir ein stor flaskehals mellom dei europeiske prisane og dei norske. Dei høgaste prisane i Tyskland i desse dagar er 3 kroner, medan dei høgaste i Sør-Noreg er 40–50 øre, seier han.
Prisane vil liggje mellom 70 øre og 1 krone i dei kaldaste vintermånadene i år og neste år, trur Lilleholt.
Noreg får i år meir kraft frå vassmagasina. I tillegg har Europa i tillegg gjort seg uavhengig av russisk gass.
– Sjølve kraftprisen er på eit vesentleg meir normalt nivå, og han vil falle dei næraste åra fordi vi får meir tilgang på gass og gassprisen i Europa vil ha eit tak, meiner Lilleholt.