Hopp til innhold

Sjekk badetemperaturane!

Sommaren viser seg frå si beste side over heile landet, og fleire stader har badetemperaturane passert 20-talet.

Temperaturar i sjøen

Her er temperaturane målt i Forsand (t.v.) av Kari, på Sande badestrand av Kristin Kjelle og på Sola av Hans Kulstad.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Dersom du treng varme i vatnet for å bada er dette ei fin tid å gjera det på nå. Yr.no si liste over badetemperaturar syner at det er mange stader som også kan passa for frysepinnar.

Her er dei høgaste badetemperaturane:

 

Stad

Temp.

Målt

1.

Øysand Camping i Sør-Trøndelag

26°

I går klokka 18

2.

Bø Sommarland i Telemark

25°

I dag klokka 11

3.

Hunderfossen Familiepark i Oppland

25°

I dag klokka 9

4.

Geitvågen bad og camping i Nordland

24°

I dag klokka 9

5.

Storøyodden i Akershus

24°

I dag klokka 15

6.

Dønfoss i Oppland

24°

I dag klokka 15

Badetemperaturane blir rapportert til yr.no og Reiseradioen av kvar enkelt campingplass/badestrand. Målingane følger ikkje vanleg meteorologisk standard, men gir ein god indikasjon på vasstemperaturen.

Strandferie i Rogaland

Også i Rogaland er badetemperaturane høgare enn vanleg og strendene er fulle av folk. Hans Kulstad frå Sverige er på ferie i Norge, og han er ein av dei som har kasta seg i vatnet i dag. Han er svært nøgd med den fine sommaren han får oppleva.

– Det er veldig fint her på stranda og i går var me på preikestolen, fortel han før han kastar seg ut i bølgene.

Då NRK. vitja stranda var det 21 grader i vatnet.

Yrande strandliv

På Sand badestrand på Randaberg treff NRK på fleire folk som er ute og badar i sjøen. Ei av desse er Kristin Tjelle, ho tippar at badetemperaturen er 19 grader før NRK målar.

– Eg liker svært godt å bada her. Det er mange som ikkje kjenner til stranda sjølv om det allereie er om lag 300 personar på plass allereie, seier ho.

Og ho trefte spikaren på hovudet då ho tippa temperaturen, for på gradestokken står det 19 grader.

Noko kaldare er det på Forsand, men likevel har det vore mange badarar ute i heile dag. Ei av desse er Kari, som har bada i heile dag. At det er 17 grader meiner ho berre er prov på at dei som badar her er tøffare enn dei andre.

Og om du skulle vera ein av dei som framleis ikkje har funne fram badebuksa, fortvil ikkje for siste melding frå meteorologane er at sydenvarmen skal halda fram.