Hopp til innhold

I dag startar jazzfesten i Haugesund

For 30. året på rad blir Sildajazzen arrangert i Haugesund. Jan Garbarek Group, Aurora og Sivert Høyem er blant artistane som står på programmet.

Folkeliv på Sildajazz i 2011

Festivalsjefen håpar på slikt vêr når Sildajazzen startar i dag.

Foto: Tanja Krangnes / Redningsselskapet

– Eg håpar og trur at det ikkje blir pøsregn. No skin sola, og det er svak vind, så dette lovar bra, seier leiar for Sildajazzen, Bjarne Dankel.

For 30. året på rad går Sildajazzen av stabelen i Haugesund. Dei neste dagane vil byen bli fylt med vakre tonar. Og sjølv om festivalen no har blitt ein veteran, er interessa for den framleis stor.

– Billettsalet er svært bra. Det viser at me framleis er aktuelle og interessante for publikum, seier Dankel.

Bjarne Dankel

Festivalsjef Bjarne Dankel fortel at billettsalet har gått bra i forkant av årets festival.

Foto: Privat

Han meiner årsaka til det er at festivalen har greidd å følgje med i tida, og endre seg i takt med den.

– Det er endringar som skjer heile vegen med tanke på publikum, publikumssamansetjing og kva retningar musikken tar. Alt dette må me ta omsyn til, og prøva å finna nøkkelen slik at me får med oss folk. Men samtidig må me vareta tradisjonar, seier Dankel.

Ikkje alt er jazz

Den offisielle opninga av festivalen er i kveld klokka 19. Det er Jan Garbarek Group som skal stå for opningskonserten.

Andre artistar som står på programmet er Sarah McKenzie, Snarky Puppy, Aurora og Sivert Høyem.

Det er kanskje dei som vil fnyse og seia, kva har Sivert Høyem å gjera på ein jazzfestival?

– Det må dei gjerne gjera, men då må eg berre minne dei på at festivalen har fått lite offentlege midlar. For å kunne tilby det smale, må me tene pengar, og det gjer me ved å tilby artistar som Sivert Høyem, som trekker til seg store folkemengder, seier Dankel.

HEILE PROGRAMMET FINN DU HER