Hopp til innhold

– Eg har alltid ønskt å laga ein musikal

Dei siktar mot Broadway, men først skal den nye musikalen testast ut i konsertform i Bergen og Stavanger.

Harald Zwart

SATSAR PÅ MUSIKAL: Saman med kona Veslemøy Ruud Zwart og ekteparet Sigvart Dagsland og Karoline Krüger har Harald Zwart laga musikalen «Séance». Målet er å få setja den opp på Broadway.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

– Me har jobba med dette i fem år nå, ut frå rein entusiasme. Kva moglegheiter me har er heilt umogleg å seia, men det er eit behov for originalt materiale, seier Harald Zwart om sjansane for at musikalen «Séance» vil nå opp til Broadway.

Sigvart Dagsland og Karoline Krüger

Artistparet Sigvart Dagsland og Karoline Krüger har laga musikken i det tette musikal-samarbeidet.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Ein musikal som blei til på spøkelsesjakt midt på natta på Hankø i Østfold.

God historie

– Eg har alltid ønskt å laga ein musikal dersom eg hadde hatt ein god nok historie, og nå har me det, seier Zwart.

Historia er om Ingeborg Køber, som på 30-talet blei skulda for å drepa sin eigen far, etter ho føresa døden hans i ein spirituell seanse. Harald Zwart vaks opp ved sida av sommarbustaden til Køber på Hankø, og det er altså her spøkelsesjakta kjem inn i bilete.

– Me hadde besøk av Sigvart Dagsland og Karoline Krüger, så spurde me om dei ville bli med på spøkelsesjakt i det gamle huset, som framleis ligg der, fortel filmregissøren.

Denne opplevinga og historia til Ingeborg Køber blei starten på det som skulle bli dei to ektepara Sigvart Dagsland/Karoline Krüger og Harald Zwart/Veslemøy Ruud Zwart sin store Broadway-ambisjon.

– Eg har også drøymt om å få laga musikal, heilt sidan eg første gong såg «Phantom of the Opera». Målet er å få setja denne musikalen opp på ein stor scene i utlandet, men det hårete målet er jo å få den til Broadway, innrømmer også Dagsland, som saman med kona har sett tonar til historia.

Først konsert

Nå skal dei først testa ut konseptet i form av ein konsertmusikal i Bergen og Stavanger.

– Det blir spanande å sjå korleis dette går. Dagsland og Krüger har jo massiv konserterfaring som me kan lena oss på, seier Zwart som står oppført som regissør for konserten der det også vil delta fire skodespelarar.

Når konseptet skal reindyrkast som musikal avslørar skaparane at dei ønsker å skriva seg sjølv inn i perifere roller.

Konsertversjonen av Seance blir spelt i Stavanger konserthus sundag 5. juni, premiera er på Festspillene i Bergen den 1. juni.

Harald og Veslemøy Zwart

Harald og Veslemøy Zwart.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX