Hopp til innhold

Satsar friskt i krisetid for media

Mens Haugesunds Avis nedbemannar med 18 årsverk i 2014, satsar dei andre lokale media i Haugesund som aldri før.

Øystein Merkesvik

Øystein Merkesvik har stor tru på ei ny gratisavis i Haugesund, Haugesundnytt.

Foto: Gisle Jørgensen

Nyskapinga Haugesundnytt, som er ei gratisavis, og TV Haugaland skal tilsette totalt fem journalistar i nye stillingar denne hausten.

Det er uvanleg i ei tid der dei fleste mediehus slit i motvind og må nedbemanna.

– Nå er førebuingane intense til den første utgåve i januar, seier ansvarleg redaktør Øystein Merkesvik i Haugesundnytt.

Etter suksess med gratisavisa Karmøynytt og nettsida karmøynytt.no, satsar grundarane bak nå på å gjenta oppturen i Haugesund.

Målet er gratisavis kvar onsdag og eiga nettside.

– Når folk får avisa gratis, les dei. Rykta om avisdøden meiner me er betydeleg overdriven, seier Merkesvik.

Må ha annonseinntekter

Han viser til undersøkingar som viser at folk vil ha papiraviser når dei får det gratis og at dette gjeld folk i alle aldersgrupper.

Alexander Urrang Hauge

Alexander Urrang Hauge, ansvarleg redaktør i TV Haugaland.

Haugesundnytt søker nå etter ein redaksjonsleiar og to journalistar, i tillegg til eit frilanskorps.

Haugesunds Avis kutta i fjor 10 millionar kroner i kostnader. I år er målet eit kostnadskutt på 23 millionar kroner. Som i dei fleste andre aviser er det annonsemarknaden som sviktar. Ein marknad Haugesundnytt nå skal inn i.

– Det kostar å gi ut avisa gratis og me må ha nokre millionar i inntekt. Men me har eit realistisk og nøkternt budsjett og trur dette skal gå greitt, seier Merkesvik.

Også TV Haugaland satsar

Også TV Haugaland i Haugesund har i haust lyst ut to nye journaliststillingar. Etter mange år med underskot går TV Haugaland nå i pluss.

Det gir ansvarleg redaktør Alexander Urrang Hauge sjansen til å satsa endå meir på innhaldet.

– Me har rigga skuta for vekst, og er fast i trua på at det er lokalt innhald lokalsamfunnet på Haugalandet vil ha, seier redaktøren.