Hopp til innhold

– Sandnes Ulf skal vera i toppen

Bengt Sæternes vart i dag presentert som Sandnes Ulf sin nye trenar. – Han er rett mann for jobben, seier dagleg leiar i klubben.

Sæternes på banen

Bengt Sæternes er ny trenar i Sandnes Ulf.

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund / NRK

– Sæternes er ein slik trenar klubben trenger. Han har lokal forankring. Me er veldig nøgde, sa dagleg leiar i Sandnes Ulf, Tom Rune Espedal, då Sæternes blei presentert.

Det var seint søndag kveld at EIK melde at Sæternes forlét klubben, for å begynne i Sandnes Ulf. Ulf-leiinga ville likevel ikkje bekrefte overgangen, men i dag vart Sæternes presentert som han som skal lede laget i første divisjon.

  • LES OGSÅ: Nordlie: – Det er vemodig

    Sæternes profilbilde

    – Eg må begynne i det små, og bygge dei opp igjen etter ein kjedeleg sesong, seier den nye trenaren.

    Foto: Cecilie Berntsen Jåsund / NRK

– Me har tru på nye oppturar i 2015. Me skal lære av sesongen som var og satse vidare, seier Espedal.

– Stolt og glad

Den nye trenaren seier han er stolt og glad over å bli presentert som ny trenar, no byrjar jobben med å få tilbake entusiasmen i laget.

– Eg må begynne i det små, og bygge dei opp igjen etter ein kjedeleg sesong. Me må læra å vinna fotballkampar, seier Bengt Sæternes.

Han fortel at klubben er tydelege på at dei vil opp igjen i eliteserien, sjølv er han klar på at det kjem an på spelarstallen. Men han har trua.

– Me må sjå korleis spelarstallen blir, men målet må vera at me skal hevde oss heilt i toppen av 1. divisjon. Eg gler meg til å gå i gang med arbeidet, seier Bengt Sæternes.

– Korleis er spelarstallen no slik som du ser det?

– Det er litt uoversiktleg for meg, men eg registrerer at me er få, og at det må inn ein del nye spelarar. Men grunnstammen er god, seier Sæternes.

– Og målet for sesongen. Kva er det?

Vi skal i kvart fall vera heilt i toppen på første divisjon. Så får me sjå om me klarar å rykke opp i eliteserien kommande sesong, seier han.

Flere nyheter fra Rogaland