Hopp til innhold

Saaliti til Sandefjord likevel

I går gjekk avtalen mellom Sandefjord og Sandnes Ulf i vasken. I dag kom dei fram til ei løysing likevel.

Kamal Saaliti, Sandnes Ulf

Nå forlet Kamal Saaliti Sandnes Ulf til fordel for Sandefjord.

Foto: Morten Wiik Larsen / NRK

– Klubbane er samde om at Sandnes Ulf slepp Kamal Saaliti til Sandefjord seks månader før kontrakten hans går ut, skriv Sandnes Ulf på heimesidene sine.

Saaliti kom frå Hønefoss i 2011, og har vore ein viktig spelar for dei lyseblå både i opprykkssesongen, og i eliteseriedebuten. I Saaliti sine 48 kampar har han laga 18 mål.

Heilomvending

Den siste tida har likevel Saaliti kjent seg uønska i klubben, og han har ønskt seg til Sandefjord.

Forhandlingane med klubben førde ikkje fram i går, og klubben melde at Saaliti blei.

Nå gjer dei heilomvending.

– Han har vore ein lojal og viktig spelar for Sandnes Ulf og klubben meiner derfor det var viktig å bli samde med Sandefjord, for å sikra framtida til Saaliti.