Hopp til innhold

Russen lagar russeknute for å rydde søppel

Russen i Sandnes pressar på for å gjere det meir attraktivt å rydde opp etter seg. Dei har laga ein trippel russeknute for å delta på "Hele Rogaland rydder" torsdag 27. april.

Russ

Vilde Ravndal (f.v.), Terje Hetland og Adele Mork meiner russen må bli flinkare å rydde opp etter seg. Sjølv tar dei initiativ til ein eigen ryddeknute for Sandnesrussen.

Foto: Jørund Vatle Sandgren / NRK

– Det verste er om nokon ikkje gidd å rydde opp. Då er det ikkje så vanskeleg for andre å følge etter.

Terje Hetland er russepresident for sandnesrussen, og med han er Vilde Ravndal og Adele Mork. Elevane er midt i eksamenstida, og skuledagane går med til lesing og førebuingar. I kantina til Akademiet i Sandnes fortel dei engasjert om russen sin eigen reingjeringsplan.

Ryddeknuten til sandnesrussen

Russeknuten for ryddedagen.

Foto: Terje Hetland

– Sandnesrussen stiller sjølvsagt opp på den store ryddedagen . Det blir jo sett ned på om folk ikkje ryddar etter seg. Det er jo ikkje kjekt å få medieoppslag om at det ser ut som ei søppelfylling på Gisketjernet etter ein russedåp.

Kan gå i gløymeboka

Russen er lei av medruss ikkje ryddar skikkeleg opp etter seg, og gir russebestanden eit dårleg rykte. Vilde Ravndal meiner medrussen må ta skikkeleg ansvar.

– Alle må jo rydde opp etter seg. Det vert fort oppslag om det er skikkeleg rotete når russen har vore ute, og då vert det så mykje kritikk rundt det. Det er ikkje så mykje som skal til om det er mange om jobben. Alle må ta litt, så unngår ein all kritikken.

Adele Mork fortel at ho alltid passar på å rydde opp etter seg.

– Eg prøver alltid å rydde opp etter meg sjølv, men av og til er det greitt at nokon minner oss på det. Det hender jo at det kan gå litt i gløymeboka, seier ho og ler.

Sandnesrussen

Russen stiller mannsterke opp på den store ryddedagen "Hele Rogaland ryddar". Her er eit lite utval av troppen, Vilde Ravndal, russepresident Terje Hetland og Adele Mork.

Foto: Jørund Vatle Sandgren / NRK

Viktig for samfunnet

– Det er veldig forskjellige haldningar. Etter ein (russe)dåp eller eit vorspiel ute er det ofte nokon som ryddar opp meir enn sitt eige, mens andre bryr seg ikkje og berre sleng alt frå seg. Det er og ein del som kastar boss ut vindauga mens dei køyrer, fortel Terje.

– Det er jo ein kultur blant akkurat dei som gjer sånt. Om nokon ber dei om å rydde opp etter seg neste gong, seier dei kanskje berre "drid i" og ler, og så er det like ille neste gong dei festar.