Pendlarane vil ha same ordninga på andre stasjonar også, samt røykeforbod i leskura på busshaldeplassane. Det er Gustav Steensland i pendlarforeininga som seier dette.
Både Stavanger og omegn trafikkselskap (SOT) og Vegvesenet er i utganspunktet positive til framlegget.
Røykfrie perrongar
Pendlarforeininga på Jærbanen har arbeidd i eitt år for å få til røykfrie soner på perrongen på Bryne Stasjon. No har Jernbaneverket avgjort at det vil setja i gang ei prøveordning frå hausten. Då vert det sett opp skilt som syner på kva for del av perrongen det vert lovleg å røyka. Truleg vert det ytterst på perrongen, lengst vekk frå oppgangane.
Leskur uten røyking
Stavanger og Omegn Trafikkselskap (SOT) er i utgangspunktet positive til ein liknande ordning på busshaldeplassane. Pendlarforeininga ønskjer i første omgang røykeforbod i leskura. Dette er det eigarane av leskura som må avgjera. For kommunale vegar er det kommunane, medan Statens Vegvesen har hand om haldeplassane langs riks- og fylkesvegar. Avdelingsingeniør Levi Dalen ved Statens vegvesen Rogaland seier at dei nå vil drøfta framlegget frå pendlarforeininga internt.