Hopp til innhold

Skambankt gjev seg: – Vi har oppnådd meir enn vi kunne drøymt om

Tiår med livekonsertar og ei mengd album ligg bak dei – no legg hardrockbandet opp.

Lydverket 14. september 2010

Terje Winterstø Røthing og Skambankt spelte på Lydverket i 2010.

Foto: Tom Øverlie / NRK P3

– No er det snart ikkje meir kake igjen, seier Terje Winterstø Røthing.

Han er vokalist og gitarist og eitt av dei originale medlemmene i Skambankt.

Etter over tjue år, ti album, oppvarming for AC/DC og tallause livekonsertar er det over for hardrockbandet frå Jæren.

– Vi følar vi har sagt det vi har å sei med Skambankt.

Les også Skulle på turné – nå er de på vei til Polen for å hente flyktninger

Skambankt på Pstereofestivalen 2014

– Hadde ikkje tenkt at dette skulle bli so stort

Skambankt vart starta på 90-talet då eit anna band ikkje kunne stille på ein spelejobb på Klepp Rockeklubb.

Røthing, Hans Egil Løe Abelsnes og Tollak Friestad snikra saman ni låtar på tre timar og gjekk på scena.

– Følar de at de har fått til det de hadde lyst til med bandet?

– Vi har fått til mykje meir. Vi hadde jo eigentleg ikkje nokon plan om å halde på i ti album. Vi byrja jo som ein liten, grå andunge og eit album som tilfeldigvis vart til. So fekk vi ei platekontrakt ut av det blå. Vi hadde ikkje tenkt at dette skulle bli so stort og vare so lenge, seier Røthing.

– So svaret på spørsmålet er ja. Vi har oppnådd meir enn vi kunne drøymt om.

Skambankt speler Voodoo med trommemaskin og alternativ gitarlyd

Skambankt spelar Voodoo live på P3 i 2018.

Intenst å drive band

Etter ti album og mange år på vegen, kjenner bandet at det er ei tid for alt.

– Det er noko vi har kjend på ein periode, seier Røthing.

– Det er vemodig, men det kjennast rett, seier bassist Tollak Friestad.

Mellom anna pandemien har lagt eit ekstra trykk på bandet frå Rogaland.

– Det har vore ganske intensivt. Trass i at ein har vore gjennom ein pandemi so har vi jo trass alt gjeve ut fire album. Det har vore ei litt tung tid å drive band.

– Det er ganske altoppslukande å drive eit band på dette nivået. Det tek mykje tid, og kanskje ein har lyst å bruke tida på noko anna, seier vokalisten.

Terje Winterstø Røthing og Tollak Friestad frå Skambankt.

Terje Winterstø Røthing og Tollak Friestad vinkar snart farvel til Skambankt. – Det er jo ikkje so mange band som gjev ut ti plater. Kven er det som treng fleire plater av eit band?, spør Friestad og ler litt.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Ekstremt beundringsverdig

– Dei er ein kompisgjeng som har heldt ut i bransjen og greidd å heile tida skape noko nytt. Det tykkjer eg er ekstremt beundringsverdig, at dei har greitt å halde seg sjølv relevante, seier Guttorm Andreasen.

Han er velkjend i musikknoreg etter å ha vore programleiar for ei rekke musikkprogram, vore føredragshaldar og kommentator.

– Det er jo mange band, spesielt innan rockesjangeren, som går litt lei av seg sjølv etter kvart og spelar dei same songane opp att på plate etter plate og konsert etter konsert. Nokre gongar kan både fans og band vere nøgde med det, medan Skambankt heile tida har leita etter nye ting.

Nyvinninga ser Andreasen på som grunnen til at rogalandsbandet har heldt ut so lenge.

– Og Skambankt leverer eit kjempeshow uansett, dei er dødsflinke på scena. Det er jo grunnen til at dei kan booke ein so stor avskjedsturné som dei no gjer, seier han.

Portrett av journalist og musikknerd Guttorm Andreasen

– Eg sjekka strøymetala, og topplåtane til Skambankt er jammen meg ikkje so langt unna topplåtane til Raga Rockers og DumDum Boys og slikt, seier Andreasen.

Foto: Morten Berentsen / Morten Berentsen

Skal på ein siste reis

Før bandet gjer seg skal dei, som so mange andre som har gjeve seg før dei, ut på ein siste reis.

– Vi har ikkje nokon plan. Vi skal avslutte på eit verdig vis, so vi skal spele ein omfattande turné i sommar og til hausten, og so stoppar vi medan leiken er god. Før den vert dårleg.

– Vi vil gje oss medan leiken er god og slutte som eit vitalt band, seier Friestad.

Frå juni og ut i oktober skal Skambankt på turné på ei rekke festivalar og konserthus, stort sett i Sør-Noreg.

– Ein siste reis, som Røthing seier.

16-åring fekk spele med Skambankt – Jeg skal behandle den som en kvinne

Anders Gjerde Skjæveland