Hopp til innhold

Her går halvparten av restaurantane med underskot

Det er restaurantkrise i matbyen Stavanger. Høge lønskostnader, dyr leige og auka råvareprisar har ført til at meir enn 20 serveringsstader har gått konkurs dei siste to åra. Nå slår bransjen alarm.

Oversiktsbilde av Gladmatfestivalen 2010 i Stavanger

MATBYEN STAVANGER: Vågen i Stavanger under den årlege matfestivalen Gladmat i 2010.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Terje Vallestad

I ENDRING: Terje Vallestad har servert titusenar av gjester gjennom Cafe Sting og Kult-kafeen i Stavanger. Han merkar at forholda i oljebyen har endra seg for restaurant og serveringsbransjen.

Foto: Borgen, Ørn E. / SCANPIX

– Det er rett og slett knallhardt, og det er over hovudet ikkje slik som det var, seier Terje Vallestad som har vore i serveringsbransjen i fleire år.

Først og fremst har han drive den populære Cafe Sting i sentrum av Stavanger, men dei seinare åra har han også servert siddisar gjennom Kult-kafeen eit steinkast lenger unna.

Over halvparten med underskot

Han merkar at forholda i restaurant og serveringsbransjen ikkje er som dei ein gong var i oljebyen Stavanger, som har Norges høgste løningar og som profilerer seg som hovudstaden i matfylket Rogaland.

– Det har nesten blitt umogleg å klara seg når ein driv med mat eller kultur. Du har ikkje råd til å betala dei menneskja som skal til for å driva ein tilfredsstillande stad, seier Vallestad.

Og det er ikkje tvil om at han driv i ein vanskeleg bransje.

Rekneskapane NRK har sett på for 83 selskap som driv restaurant eller kafe i Stavanger syner at over halvparten gjekk med underskot i fjor. Nokre har også solide og alarmerande minustal.

– Nærmar seg ei smertegrense

Puber og barar går stort sett i pluss, men fleire serveringsstader som tilbyr mat opplever ei heilt anna verd:

– Lønskostnadene er høge, leiga er dyr og råvareprisane har auka. Restaurantane baserer seg dessutan mykje på «drop-in» som vil sei at ein du ikkje veit om restauranten blir tom eller full, men du må likevel ha folka og råvarene inne til å takla ein full restaurant, seier Cathrine Trettenes i City Brasserie.

Ho er ei av dei som har merka at det å jobba nær sagt døgnet rundt, ikkje er nok. Nyleg måtte ho ta City Brasserie midt i sentrum av Stavanger til skifteretten. Det blei for dyrt og inntektene sto ikkje i forhold til utgiftene.

– Er det for mange restaurantar i byen?

– Eg meiner det er viktig at Stavanger har eit stort og variert tilbod, men det byrjar kanskje å nærma seg ei smertegrense. Særleg i midtsjiktet, seier Trettenes.

Vil ha betre rammevilkår

Det er for mange dyrt å eta ute, samstundes er avgiftene på alkohol høge og gjestene forventar seg stadig betre service. Den kombinasjonen går ikkje i hop, seier Terje Vallestad:

– Me vil jo ha service, og det fortener folk også. For det er frykteleg dyrt å gå ut i Norge, og dyrare blir det når færre går ut.

Vallestad er uroleg for restaurantbransjen seie framtid. Han meiner avgiftsnivået er for høgt og frisleppet i den lokale utelivsbransjen har vore for stort. Han meiner rammevilkåra for restaurantbransjen bør bli betre.