Hopp til innhold

– Dette er tragisk for dei unge som har gjort det

Ordførar i Bjerkreim Marthon Skårland skulle ønskja at brannen kom som følgje av ein teknisk feil og ikkje rampestrekar. Rektoren på skulen seier at hendinga har gjort djupt inntrykk på fleire av barna.

Skolebrann på Vikeså

Vikeså skule blei øydelagd i brann tysdag 28. desember.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

To barn har i avhøyr med politiet innrømma at dei tente på materiale inne på Vikeså skule . Delar av skulen brann ned på tysdag og hundre elevar mista undervisingslokala sine .

– Me er ikkje ei bygd utan rampestrekar men det plar ikkje få så store følgjer. Me i kommunen skal gjera det beste me kan for å stilla opp for familiane som har kome i det uføret dei nå har kome i, seier ordføraren.

Rektor på Vikeså skule

Kjersti Stendal Bjerkreim er rektor på Vikeså skule, ho snakka med folk frå Bjerkreim i kyrkja dagen etter brannen.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Samla i kyrkja

I kveld møtte ordføraren den litle bygda i eit informasjonsmøte i Bjerkreim kyrkje for foreldre og elevar etter brannen som øydela skulen.

400 personar fulla kyrkja heilt opp, og det blei gitt praktisk informasjon i tillegg til at folk fekk uttrykt kjennslene sine.

– Det blir ei utfordring å få skulekvardagen opp å gå att, sa rektor Kjersti Stendal Bjerkreim.

Ho seier at hendinga nok har rissa seg inn i hjartene og sinnet til mange av dei unge elevane, og vera noko som vil følgja dei resten av livet.

Allereie på tysdag blei det spekulert i om brannen var påsett. Mykje på grunn av hærverk som var gjort på skulen kvelden før brannen.

– Det var eit innbrot der det blei skrive litt utidige ting på pultar og golv, men det har ikkje vore nokre større problem på skulen, seier Skåland.

Brann Vikeså barneskole

Det var ei vanskeleg oppgåve for brannvesenet å få kontroll over flammane frå barneskulen.

Foto: Brannvesenet i Egersund

Vil ikkje konkludera med brannårsak

Dei to som har innrømma å ha tent på skulen er under 15 år, den kriminelle lågalderen. Men trass i innrømminga vil ikkje politiet konkludera med at dette er årsak til at skulen blei øydelagd i brann.

– Det finnes fleire grunnar til at me ikkje vil konkludera med at dette er brannårsaka, ein av dei er at me vil vera 100 prosent trygge på at det er riktig før me konkluderar, seier politiadvokat Øyvind Haukland.

For elevane på Vikeså skule blir det truleg ein litt lenger juleferie enn dei hadde tenkt seg, og når dei byrjar vil samfunnshuset, idrettshallen og bedehuset fungera som klasserom.

Skulen skal nok bli bygd opp att, men kanskje ikkje på same stad.

Flere nyheter fra Rogaland