Hopp til innhold

Mindreårige innrømmer å ha tent på skulen

Fleire ungdommar innrømmer å ha tent på Vikeså barneskule i Bjerkreim i Rogaland.

Skolebrann på Vikeså

Lokal ungdom innrømmer å ha tent på Vikeså barneskule. Politiet meiner likevel det er for tidleg å konkludera med at dette er brannårsaka.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Det er lokal ungdom som innrømmer brannstiftinga, opplyser politiet. Det er ikkje kjent om dei er elevar ved skulen.

Det var natt til i går delar av skulen brann ned og 100 elevar på første til fjerde trinn mista undervisningslokala sine.

– Det er ennå for tidleg å konkludera med at dette er årsaka til brannen, seier politiadvokat Øyvind Haukland til NRK.

Les også: - Vi mangler skole til hundre unger

Politiet sparsame med opplysningar

Saka er framleis under etterforsking. Politiet vil derfor ikkje gå ut med kor mange som innrømmer å ha sett fyr på skulen eller kor gamle dei er. Men dei kan slå fast at alle er under den kriminelle lågalder (15 år).

– Seier dei noko om motivet for at dei sette fyr på skulen?

– Det er for tidleg i etterforskinga til at eg kan seia noko om det nå, seier Haukland.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video 100 elever mistet skolen sin

100 elevar mista skulen sin i Vikeså i Rogaland i går.

Ønskjer tips frå publikum

Kriseteam og barnevernet er varsla. Dei tar nå hand om ungdommane.

Det vil truleg blir gjort kriminaltekniske undersøkingar på branntomta i morgon.

Politiet ønskjer framleis tips frå vitne i saka som kan ha sett noko mistenkeleg frå måndag kveld og fram til brannen blei oppdaga.

Brann Vikeså barneskule

Det var natt til i går delar av Vikeså barneskule blei totalskadd i ein brann.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

Flere nyheter fra Rogaland