Hopp til innhold

Høgsesong for påkøyrsler: – Det er historisk høge tal på hjort og vilt

Nær 6000 hjortedyr er påkøyrde hittil i år. Vi er enno i byrjinga av høgsesongen.

Påkøyrd hjort ved Kyrkjetangen i Bergen

Kvart år blir tusenvis av hjortedyr påkøyrde. Nokre døyr med det same, men mange stikk skadde til skogs og treng ettersøk.

Foto: Erling Johnsen

Den norske hjortestammen veks i rekordfart. Dette trass i at det aldri har blitt skote so mykje som no – i fjor bikka norske jegerar 50.000 felte hjort.

Talet påkøyrde hjortedyr er også på stigande kurs.

I 2000 blei 330 elg, hjort, rein og rådyr påkøyrd. I fjor var talet 7828 dyr, ifølgje Hjorteviltregisteret.

Andreas Dunkley

Andreas Dunkley, driftssjef i Friluftsrådet vest, seier eventuelle skader etter ei påkøyrsle avheng av mange faktorar – ikkje minst kva dyr ein treff på.

Foto: Privat

– Det er historisk høge tal på hjort og vilt. Dei er overalt, seier Andreas Dunkley.

Han er driftssjef i Friluftsrådet Vest og fallviltansvarleg i Haugesund kommune. Det er altso han som kjem når du køyrer på eit dyr på vegen.

– Berre måk på

– Av og til kjem dei jo som skoten ut av ein kanon, ein har ikkje moglegheit til å stoppe, seier Dunkley.

– Og so ligg det jo ei historie bak kvart av desse tala, for det er ikkje berre-berre å køyre på ein hjort?

– Nei, svarar han.

Dunkley seier han har sett alt mogleg etter dyrepåkøyrsler – frå bilar utan ei skramme til dei med massive skader.

Det kjem an på kva slags køyretøy det er snakk om, kvar ein treff dyret, kor stor fart ein har og kva dyr ein faktisk treff.

For det er ein forskjell på å treffe ein to meter høg og 500 kilo tung elg og eit rådyr på 18 kilo.

En elg ble påkjørt i Lavangsdalen søndag 07.03.21. Ingen personskader

Ein høg og tung elg har større sjanse for å kome gjennom frontruta enn eit lite rådyr. I denne ulukka frå mars i år vart ingen personar skadd.

Foto: Lasse Nordgård

Dunkley seier det gjerne er best å svinge unna ein elg i vegbana, men at historia kan vere ei anna om det er eit lite rådyr eller ein hjort som spring framfor frontlyktene dine.

– Det vi har sett dei siste vekene er at folk helst ikkje vil treffe dyra, så dei svingar unna og køyrer i fjellveggar og autovern og andre ting.

Det kan valde meir skade og trafikkfarlege situasjonar enn ei påkøyrsle.

– Mitt råd er å bremse, ikkje svinge unna og berre måke på dei. Dei valdar ikkje livstrugande skadar på deg. Dei kjem ikkje inn frontruta slik som ein elg vil gjere, seier Dunkley.

NAF sitt råd, dersom du risikerer å køyre på dyret, er å bremse så hardt du kan og prøve å styra unna dersom det er mogleg (ekstern lenke).

Rådyr

Små rådyr eller hjort gjer mykje mindre skade i ei ulukke enn ein elg, fortel Dunkley.

Foto: Bente Seljestokken / Bente Seljestokken

– Det har jo vore ein formidabel vekst

Påkøyrslar heng til ei viss grad saman med mengda dyr, og hjortebestanden har vakse i rekordfart dei siste åra.

– Korleis vi menneske forvaltar bestanden er hovudgrunnen til at den veks, seier Atle Mysterud.

Han er professor ved Institutt for biovitskap ved Universitetet i Oslo og ekspert på bestandsøkologien til hovdyr.

Det at vi i dag er relativt restriktive med å skyte hodyr, eller koller, gjer at bestanden i dag kan vekse – trass i at ein skyt 50.000 dyr i året. Til samanlikning skaut ein eit par tusen i året på 60-talet.

– Samstundes har habitatet deira blitt betra med god tilgang på innmarksbeite av høg kvalitet, seier Mysterud.

Professor og jeger Atle Mysterud

Atle Mysterud er professor ved Institutt for biovitskap ved Universitetet i Oslo og ekspert på bestandsøkologien til hovdyr.

Foto: Ragnhild Mysterud

Om uhellet er ute

– Om du køyrer på eit dyr, uansett kva det måtte vere, so er du lovmessig plikta til å ta kontakt med politiet. Du skal melde ifrå og undersøke plassen, seier Dunkley.

Om ein ringjer politiet på 02800 vil dei hjelpe, anten dyret er daudt eller ikkje.

– Det absolutt mest viktige er å sikre deg sjølv og andre medtrafikantar. Det er på med refleksvest og ut med den der trekanten so ikkje liv går tapt.

Om dyret overlevde ulukka og spring til skogs, skal ein merke kvar det skjedde, so Dunkley eller andre med sporhundar kan finne dyret og eventuelt avlive det.

– Det er viktig at folk ikkje tek til med dette sjølv og forsterkar dyret sine lidingar.

Om ein gjer det, kan ein bli straffa.