Råkøyrde i 60-sonen – mista lappen

Ein førar blei fråtatt førarkortet etter å ha køyrd 112 kilometer i timen i 60-sonen i Kyrkjevegen i Hå kommune. Politiet heldt fartskontroll sundag kveld, og skreiv ut ti bøter og beslagla tre førarkort.