NRK Meny
Normal

Politiet trur mannen drepte kona og deretter seg sjølv

Politiet har nå gått ut med namn på dei døde og hovudteorien sin om drapet som skjedde i Haugesund i helga.

Drap i Haugesund

I 3-tida rykka politiet ut til dette huset med leilegheiter i Kirkegata i Haugesund. Det viste seg at ei kvinne var død i ein av leilegheitene og at ein mann var hardt skadd. Mannen døydde på sjukehuset eit par timar seinare.

Foto: Anders Fehn / NRK

Edgar Mannes

Edgar Mannes er politistasjonssjef i Haugesund. Han sende i føremiddag ut ei pressemelding der dei namngir dei to som døydde i Haugesund i helga.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Både den tekniske og den taktiske etterforskinga gir nå grunnlag for å slå fast at ektemannen påførte kona dødelige skader før han påførte seg sjølv så alvorlege skader at han døydde, seier politistasjonssjef Edgar Mannes.

Drapet skal ha skjedd med ein kniv.

– Kva kan du sei om motivet?

– Me har informasjon om nokre småkonfliktar, men ikkje nok til at me kan sei om det har vore motiv bak drapshandlinga. Me kan måtta førebu oss på at me kanskje aldri får klart opp kva som var motivet, seier Mannes.

Kom til Haugesund i 2009

Det var natt til laurdag politiet rykka ut til ei adresse i Kirkegata i Haugesund.

Her fann dei eit ektepar med stikkskadar i kroppen. Kvinna, som heiter Sancha Maya Rai (40) blei erklært død på staden, medan mannen, som heiter Til Bahadur Rai (50) døydde seinare på sjukehus.

Politiet har venta med å gå ut med namn på dei døde, på grunn av vanskar med å varsla pårørande.

Grunnen til dette er at paret var bhutanske statsborgarar. Dei kom til Haugesund i 2009, som kvoteflyktningar, frå ein flyktningleir i Nepal.

Då dei kom til Norge hadde dei med seg tre barn. Heile familien har fått permanent opphaldsløyve.

To barn blir tekne vare på av kommunen

To av barna var i leilegheita då politiet kom til staden natt til laurdag.

Dette er ein 15- og ein 19-åring. Begge blir tekne hand om av kommunen sitt kriseteam saman med barnevernet.

– Etter kvar må ein finna meir permanente løysningar på korleis dei skal ha det vidare, seier Mannes.

Det tredje barnet av paret er ei kvinne på 24 år.

Skal gjera fleire avhøyr.

Kripos jobbar framleis på åstaden, men blir truleg ferdige med dei krimtekniske undersøkingane i dag.

– I tillegg har me nokre avhøyr som står att, seier Mannes.