Politiet har videobilete som viser sikta i sentrum like etter klokka to drapsnatta.
Samstundes har dei ein observasjon på bybrua av ei kvinne dei meiner er Tina like ved den trulege drapsstaden klokka ti over to.
Det betyr at kjærasten til Tina må ha brukt bil om han har tatt henne igjen på bybrua.
Han har heile tida hevda at han gjekk heim, og kom til Tina sin leilighet klokka tre. Politiet meiner ut frå andre opplysningar at dette ikkje stemmer.
- Om nokon i miljøet skulle ha opplysningar om ein slik piratdrosjetur vil politiet sjølvsagt sjå vekk frå sjølve piratkøyringa denne natta, seier politiavdelingssjef Torbjørn Knutsen til VG.