NRK Meny
Normal

Politiet arresterte mann for netthat

I føremiddag gjekk politiet til aksjon mot ein privatbustad på Nord-Jæren. Ein mann i 50-åra er arrestert, sikta for hatefulle ytringar i sosiale media.

En mann i 50-årene ble i dag pågrepet - siktet for hatefulle ytringer i sosiale medier. I formiddag gikk politiet til aksjon mot mannens adresse på Nord-Jæren. Både politi og presse registrerer at stadig flere ytrer seg krasst på nettet.

SJÅ REPORTASJEN: Her blir mannen arrestert for å ha skrive hatefulle ytringar på nett.

Hjå mannen fann politiet fleire våpen, og både våpena og mannens PC og mobiltelefon vart beslaglagde.

– Han har kome med hatefulle ytringar på ei open facebookside av ein slik karakter at lovlegheita i paragraf 185 er trødd over, seier Øyvind Haukland, politijurist i Rogaland politidistrikt.

Mannen som vart arrestert måndag, vart frivillig med politiet til avhøyr. Han nektar straffskuld, og vart lauslaten etter avhøyret.

Den sikta erkjenner ikkje straffskuld, og meiner utsegnene ligg innanfor ytringsfridomen sine rammer, skriv mannens advokat, Helene Aasberg, i ein SMS til NRK.

Fleire arrestasjonar

Øyvind Haukland

POLITIJURIST: Øyvind Haukland i Rogaland politidistrikt.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Den siste tida har politiet merka fleire hatefulle ytringar på internett, og politiet i Rogaland har arrestert fleire personar på bakgrunn av dette. Dei ser heller ikkje bort frå fleire aksjonar i tida som kjem.

– Me har sett at det er fleire som ytrar seg og nærmar seg grensa for kva som kan vera hatefullt, seier Haukland.

Aksjonerte mot mann sikta for netthar

AKSJONERTE: Her går politiet inn i bustaden til mannen på Nord-Jæren måndag formiddag.

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund / NRK

Rogaland politidistrikt har dei siste åra brukt større ressursar mot dei som ytrar seg hatefullt. Men kor mykje, det vil ikkje politimeisteren i Rogaland, Hans Vik, ut med.

– Det vil eg ikkje seia så mykje om. Me gir det den merksemda me meiner er nødvendig, innanfor dei rammene me har. Situasjonen me er i nett no, både med terror i Paris og mange flyktningar til Europa , så seier det seg sjølv at me gir det meir merksemd no enn for nokre år sidan.

– Stå for det du seier, offentleg

Hans Vik

POLITIMEISTER: Hans Vik i Rogaland politidistrikt.

Foto: Skibstad, Kent / NTB scanpix

– Kva råd vil du gi til folk som har ytringar dei vil ut med?

– Dei skal bruka den flotte verdien me har i dette samfunnet. Du skal seia det du meiner, meina det du seier, retta deg opp i ryggen og stå for det. Om du ikkje kan det, og om du ikkje kan seia det der dei det gjeld høyrer, ser eller les det, eller du ikkje tørr å seia det offentleg, så er det nok best å vera stille, seier Vik.

Sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, Lars Helle, har fått med seg at det har blitt fleire krasse kommentarar på avisa sine saker den siste tida. Likevel er han opptatt av at folk skal få ytra seg.

– Eg har avgrensa tru på at straff og lovgiving kan ta ned den type ytringar. Eg trur me har godt av å ha ein hard meiningsbryting heller enn at me skal forby det. På den andre sida er politiet sette til å handheva dette, og eg trur at det er viktig at dei markerer det og syner seg fram, og at det også kan verka disiplinerande, seier Helle.