IKKJE NØGD: Høgres politiske talskvinne Siri Meling kallar regjeringa si satsing på Petoro for puslete.
Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIXI Petoro sine kontor i Stavanger la Olje- og energiminister Ola Borten Moe fram oljetala frå Statsbudsjettet som blei lagt fram i dag.
Petoro er staten sitt eige oljeselskap og får 281 millionar kroner i 2012, dette er ein auke på 17,2 millionar frå i fjor.
For lite for eit selskap som dreg inn mange milliardar kroner årleg til statskassen meiner Høgres politiske talskvinne Siri Meling.
- Les òg:
Håvar inn pengar
– Auken er både liten og puslete, og den står i kontrast med det regjeringa sjølv avslørar av ambisjonar i petroleumsmeldinga si, seier Meling til NRK.no.
Borten Moe er ikkje samd i dette, og slo tilbake på kritikken etter pressekonferansen i dag:
– Her gjer me nett det me har sagt. Me aukar midla til Petoro til dels betydeleg, og det skjer i eit statsbudsjett der mange andre vil oppleva at dei ikkje får auke. Så dette er uttrykk for ei klar prioritering.
- Les òg:
Inntektene til Petoro går rett inn i Statskassa, og neste år kan dette bli ein sum på over 100 milliardar kroner:
– Er det riktig at Petoro som dreg inn milliardar til staten berre skal få om lag 300 millionar å driva for?
– Dette syner i alle fall at drifta av Petoro er særs effektiv. Det er dessutan ein viktig del av den norske oljepolitikken at Petoro ikkje skal finansierast over kontantstraumen, men finansierast med midler frå statsbudsjettet, seier Borten Moe.
Meir om statsbudsjettet:
POSITIV: Administrerande direktør i Petoro Kjell Pedersen meiner auken deira i statsbudsjettet syner at regjeringa følgjer opp petroleumsmeldinga. (Arkivbilete frå 2004)
Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX– Tar i mot med takk
Administrerande direktør i Petoro, Kjell Pedersen, seier at dei har ei lang liste med punkt der dei meiner staten kunne brukt meir pengar. Dette kallar dei gode utgifter til langt betre inntekter.
Trass dette har selskapet valt å sjå positivt på auken i budsjettet, som i år er større enn den har vore dei siste åra:
– I årets budsjett vil det nok vera mange som er misnøgde. I ein slik samanheng er auken for vår del ein positiv inspirasjon, seier Pedersen.
Han seier at dei ikkje er utskjemde med store aukingar, men vil ikkje ta så sterke ord som puslete i munnen sin:
– Men som sagt finst det punkt der me meiner det kunne blitt brukt meir. I dette budsjettet tar me likevel i mot med takk og skal gjera det beste ut av det me har fått, seier han.
Uaktuelt å lausriva Petoro frå statsbudsjettet
Meling meiner at det riktige vil vera å frigje Petoro frå statsbudsjettet, og heller la dei få inn pengar over eige budsjett:
– Det vil gje selskapet ein annan fleksibilitet til å byggja kompetanse i tråd med dei utfordringane og det fokusområdet selskapet har til ei kvar tid, seier Meling.
Ho vektlegg at selskapet har ein viktig rolle med å ta i vare staten sine eigarandelar på sokkelen og sørgja for optimale samfunnsøkonomiske løysningar.
- Les òg:
– Dei vil ha ein annan innfallsvinkel enn Statoil og andre kommersielle selskap har for å finna løysningar, seier Meling.
Borten Moe seier at det er heilt uaktuelt for dagens regjering å lausriva Petoro frå statsbudsjettet.