Hopp til innhold

Bustadbygginga har stoppa opp - skralare tider for byggjebransjen i vente

Bygginga av nye bustadar har stoppa opp, og talet på offentlege oppdrag er også blitt færre. Det gir skralare tider for byggjebransjen.

André Sunde

TENKJER ALTERNATIV: André Sunde i Dvergsdal & Sunde Bygg jaktar nye oppdrag i ein noko magrare marknad enn tidlegare år.

Foto: Silje Guddal / NRK

André Sunde hos Dvergsdal og Sunde Bygg er glad dei har ein ordrereserve å gå på.

– Her har vi for oss ei bustadblokk som vi held på med i Sogndal. Dette er byggjesteg nummer to, og vi starta å støype på fundamenta tysdag, fortel André Sunde hjå Dvergsdal & Sunde Bygg.

I hendene har Sunde prospektet for leilegheitskomplekset i Sogndal. Dei små leilegheitene gjekk fort. Det er treigare med dei større.

– Vi har nok å gjere, men siste halvår i fjor merka vi at bustadsalet bremsa kraftig opp, seier Sunde.

Må ta grep

210.000 nordmenn jobbar i dag med bygg og anlegg. Siste kvartal av 2013 vart det starta opp færre byggeprosjekt, nedgangen var på fem prosent for bustadar og 11 prosent for andre bygg, som næringsbygg, syner tal frå SSB.

– Vi må ta nokre grep, sjå på andre jobbar og rekne på offentlege anbod, seier Sunde.

Og han er ikkje åleine.

– Vi har same trenden som elles i marknaden, seier dagleg leiar ved Kleiven Bygg i Årdal.

– Vi har avslutta mange store prosjekt no, og har lite tilgang både på å rekne på anbod, men også jobbar som vi får direkte. Det ser ut for at det blir ein mindre marknad i 2014 enn det har vore før, seier Kleiven.

Låten er den same, frå Årdal inst i Sogn til Måløy på kysten.

Kan bli permitteringar

– Vi opplever det i grunn litt på same måte. Det er lite nye prosjekt her i området, så per no ser det ut til at det vert mindre arbeid framover mot slutten av vinteren og våren, seier Arve Idar Utnes i UNU i Måløy.

Utnes har 31 tilsette i verksemda UNU. Han håpar dei denne våren kan kome i gang med prosjektet «Bryggen Panorama».

– Men viss det blir utsett, eller ikkje kjem i gang, så ser det ut til at det kan bli permitteringar, seier Utnes.

Ein nedgang i bygginga av private bustadar gjev sterkare konkurranse om offentlege oppdrag, og Kleiven ser no utom kommunegrensene.

Fleire årsakar til trenden

– Vi har sett på andre marknadar, og flytta oss lenger ut frå Årdal. Spesielt ser vi på nærkommunane, men også på marknadar lenger vekke. I tillegg har vi kanskje gått meir over på anleggsmarknaden, og mindre på byggmarknaden, seier Kleiven.

– Kva er årsaka til denne nedgangen?

– Det er vanskeleg å seie, men det kom mange nye krav som førte til at prisen steig kraftig. Bankane stramma inn eigenkapitalkravet. I tillegg meiner eg at media er med på å skape ein del. Eine veka skriv dei positivt, neste veka er det negativt. Folk vert usikre, seier Sunde.

– Samtidig ser vi at spesielt kommunar gjer mindre og mindre arbeid, dermed får vi ikkje dei oppdraga som vi var vane med å få før, spesielt frå kommunar og fylkeskommunen, seier Kleiven.

Fleire konkursar kvar veke

– Det er mange konkursar i bygg- og anleggsbransjen. Det ser vi kvar veke. Det er ikkje sikkert det er negativt. Du får rydda vekk ein del bedrifter som kanskje ikkje har livets rett, i tillegg til at du får vekk ein del spekulantar, seier Sunde.

Ordrereservane er mindre, året meir usikkert, men entreprenørane ser likevel ikkje heilt mørkt på framtida.

– Eg er ikkje direkte uroa. Eg trur vi vil kapre oppdrag også no framover. Om det skumpar litt, så vert eg ikkje uroa av det. Men på lengre sikt ser det litt skralt ut, seier Kleiven.