Måndag, tysdag og onsdag blir vêret sånn passe, før det torsdag kan bli litt regn og opp mot stiv kuling nokre stader.
Men bak skyene er himmelen alltid blå, som det heiter! Frå fredag og ut resten av påsken blir det sol og blå himmel så langt auga kan sjå.
– Rogaland får det beste vêret på heile Vestlandet, og nesten like bra som på Austlandet, seier vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt Anne-Mette Olsen.
Og som om ikkje det var nok med sol – også temperaturane blir av det varme slaget. Opp mot 18 grader i skuggen kan det bli enkelte stader.
- Sjekk påskevêret der du er på yr.no
Men før det blir sol og fint må du førebu deg på at du ikkje treng å tømma solkremflaska for å vera beskytta.
– Det blir opphaldsvêr og litt skiftande vind opp mot kuling fram til onsdag. Torsdag blir den dårlegaste dagen, då blir det først sørleg liten kuling som dreiar til nordvestleg retning, og så blir det regn, seier Olsen.
- LES OGSÅ:
– Blir varmt i sola
Det har i det siste vore ein del snakk om at nordmenn.
Ein av tre har til Ernæringsrådet. Men om du kjem deg ut frå fredag av, får du D-vitamin i bøtter og spann.– På fredag blir det sol og fint vêr, og etter kvart stigande temperatur i dagane som kjem, seier Olsen.
På måndag kan det bli heilt opp mot 18 grader nokon stader.
– I Stavanger vil det bli rundt 14–15 grader og 17–18 grader dei varmaste stadene. I sola vil det bli ganske varmt, seier ho.
- LES OGSÅ:
Pass på strålinga
Men i sterk sol, og spesielt når det er snø ute, må ein passa ekstra godt på UV-strålinga. Snøen fungerer som ein reflektor på bakken, og då får du dobbelt dose.
- LES OGSÅ:
– Det er veldig viktig med solkrem, gjerne høg faktor. Born bør i alle fall ha faktor 30, seier meteorologen.
– Køyr på med høg faktor på påskefjellet, tenk at ein er i syden, avsluttar Olsen med eit smil.