Hopp til innhold

Påkjørt av politiet

Ein motorsykkelførar vart påkjørt av politiet på Våland i Stavanger, laurdag morgon.  Føraren kom alvorleg til skade og ligg på sjukehuset.

Ein motorsyklist blei påkjørt av ein politibil på Våland i Stavanger i dag tidleg. Mannen er komen alvorleg til skade og er på sjukehuset. Politiet etterforska eit innbrot i nærleiken og då dei oppdaga motorsyklisten mistenkte dei han for å ha noko med innbrotet å gjera. Politiet tok opp jakta og påkjørselen skjedde då ein politibil kjørte inn i motorsykkelen bakfrå. Spesialeininga for politisaker skal etterforska saka.

 

 

Uregistrert 

Motorsykkelen var ein cross-sykkel utan registreringsnummer, opplyser politiet i Stavanger.  Det er ikkje klårt om føraren hadde noko med innbrotet å gjera.