Hopp til innhold

Overfall med kniv i Sandnes

  • Kvinna har skader etter overfall

    Kvinna som blei overfallen i Sandnes blir sett til av helsepersonell etter hendinga. Ifølgje politiet blei ho slått i andletet, og det blei eit basketak mellom dei to. Dei veit ikkje kor alvorleg skadd ho er, men ho kom seg heim på eige hand.

  • Hadde hetta over hovudet

    Politiet har fått følgjande beskriving av mannen som overfall kvinna: Cirka 180 centimeter høg, lys i huda, blå auge. Han hadde på seg svarte klede, hettegenser med hette over hovudet og ein buff eller liknande framfor munnen og nasen.

  • Væpna politi leitar etter knivmann

    I Aspervika i Sandnes har ei ung kvinne blitt overfallen og trua med kniv av ein ukjend mann. Kvinna kom seg fri, men mannen har stukke av. Politi med våpen har rykka ut til staden med fleire patruljar.