Ung kvinne overfallen med kniv i Sandnes

I Aspervika i Sandnes blei ei ung kvinne blitt overfallen og trua med kniv av ein ukjend mann sundag. Kvinna kom seg fri, men mannen stakk av.

Overfall i Sandnes

Overfallet skjedde nær eit busstopp i gata Asperholen i Sandnes. Fleire politipatruljar leitar no etter mannen.

Foto: Ronny Hjertås

Politiet fekk melding om hendinga rundt klokka 17.20. Overfallet skjedde i gata Asperholen i bydelen Aspervika i Sandnes.

– Ho blei slått i andletet, og mannen trua henne med kniv. Det blei eit basketak mellom dei to, men ho kom seg laus og kom seg heim, der ho varsla politiet, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Toralv Skårland.

Tre politipatruljar med våpen rykka ut til staden. Etter hendinga leita dei etter gjerningsmannen i området.

Blei slått og trua med kniv

Kvinna blei sett til av helsepersonell etter overfallet. Ho fekk skader, men dei skal ikkje vere alvorlege.

Dei veit ikkje om overfallet var eit forsøk på å rane kvinna, eller om det var eit valdtektsforsøk.

– Vi har ingen opplysningar om det per nå, seier Skårland.

Ifølgje han har ikkje mannen stole noko frå henne.

Har snakka med folk

Klokka 22 hadde politiet framleis ikkje fått fatt i han som sto bak overfallet.

– Vi har vore i kontakt med folk i området, og fått opplysningar vi kan jobbe vidare med, seier operasjonsleiaren.

Politiet har fått følgjande beskriving av mannen som overfall kvinna: Cirka 180 centimeter høg, lys i huda, blå auge. Han hadde på seg svarte klede, hettegenser med hetta over hovudet og ein buff eller liknande framfor munnen og nasen.

Dei ber vitne som kan ha opplysningar i saka, om å ta kontakt.

Busstopp i Aspervika i Sandnes der ei kvinne blei overfalt

Kvinna blei overfallen ved eit busstopp, men kom seg laus og heim. Der varsla ho politiet.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK