Hopp til innhold

Over hundre gravide kvinner og nybakte fedrar i kø i heile natt

– Eg har spart sju tusen kroner på dette, seier Lisa Drange som skal føda i mars. I heile natt har ho ligge i kø på ein parkeringsplass for å få tak i billig barnevogn, reisevogn og vippestol.

Mange timar i kø for billig barnevogn

Ei av dei første som kom seg inn på Baby Shop på Forus var gravide Lisa Drange. Ho skulle mellom anna kjøpa seg barnevogn.

Foto: Einar Espeland / NRK

Kjetil Ingebrigtsen

Tilboda som Kjetil Ingebrigtsen på Baby shop kunne skilta med i dag fekk gravide kvinner til å strøyma på.

Foto: Einar Espeland / NRK

I heile natt har det stått gravide kvinner og nybakte fedrar i kø utanfor Baby shop på Forus. Årsaka er at dei kunne skaffa seg vogner og vipper for mindre enn halvparten av kva det kostar til vanleg.

– Eg hadde inga aning om at det skulle vera så mange folk her, seier Kjetil Ingebrigtsen frå butikken berre 10 minutt før butikken opna klokka 07.00 i dag.

12 timar i kø

Framføre han står det meir enn hundre gravide kvinner og nybakte fedrar, dei har nå kome inn på senteret. Men i natt var dei ute på parkeringsplassane.

– Eg har vore her sidan klokka sju i går kveld. Det var tre føre meg så har det kome folk i heile natt. Me sat saman i ein ring, var vakne og sosiale, seier Terese Madsen, som berre har hatt det kjekt i køen.

Terese Madsen

Terese Madsen.

Foto: Einar Espeland / NRK

Ei anna som har vore i kø i heile natt er Lisa Drange. Ho ventar barn i mars, og har allereie ein liten heime.

– Eg sparer veldig mykje pengar på dette. Eg skal kjøpa meg barnevogn, reisevogn og vippestol, seier ho.

Både ho og barnet i magen har hatt det fint forsikrar ho.

– Eg fekk meg litt svevn i bilen til veninna mi, seier ho.

Sparar 7000 kroner

Tretti minutt etter hadde ho vore inne og handla alt ho treng til babyen som snart skal koma.

– Var det verdt det?

– Ja, eg har spart 7000 kroner, seier Drange nøgd.

Også småbarnsfedrar har blitt sende ut for å kjøpa inn. To av desse var Fredrik Birkedal og Thor Erik Nilsen.

Dei har også tatt ansvar i køen i natt, og passa på at alle har hatt det fint.

– Til tider har det vore kaldt, men det har vore veldig kjekt. Me har tatt nokre rundar og sjekka korleis folk har hatt det, seier Nilsen.

– Eg møtte på ei som skulle føda om berre to veker, ho sat likevel i køen, seier Fredrik Birkedal.

Dei forsikrar om at dei ikkje måtte hjelpa til med fødslar på parkeringsplassen på Forus.

Fredrik Birkedal og Thor Erik Nilsen

Fredrik Birkedal og Thor Erik Nilsen.

Foto: Einar Espeland / NRK

Flere nyheter fra Rogaland