Sett av fleire vitne
Fleire vitne har sagt at det var ordførar i Suldal, Andreas Drarvik, som var i ein hage i Sauda fredag kveld.
Vitna sat nabovakt etter at kvinna som bur i huset har opplevd sjikane.
Andreas Drarvik, ordførar i Suldal (Sp)
Vitna melde frå om at mannen som var i hagen bar på ein våpenliknande gjenstand.
Væpna aksjon
Politiet rykte ut med fleire tenestemenn på ein væpna aksjon.
Men då dei kom fram var personen borte.
Har fått besøksforbod
Politiet har etter denne hendinga ilagt ordføraren besøksforbod inntil vidare overfor kvinna som bur i huset.
Ordførar Andreas Drarvik seier at han ser på det som har skjedd som ei misforståing.
Han seier at dette no vert ei sak mellom han og politiet.
Deler av formannskapet og rådmannen i Suldal er orientert om saka i dag.
Sjikane i halvanna år
Kvinna skal det siste halvanna året ha opplevd at ein ukjent mann har oppsøkt henne på kvelds- og nattestid.
Ho har i alt levert seks anmeldelsar til politiet om dette.
Politiadvokat Thor Arne Reitan ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt vil ikkje seie om dei trur ordføraren står bak sjikanen.
Grunn til besøksforbod
Reitan seier at politiet har funne grunn til å ilegge ordføraren besøksforbod.
Besøksforbodet skal opp i retten slik det er vanleg i slike saker.
I følge Reitan har suldalsordføraren status som mistenkt i saka.
Verken han eller fornærma er avhøyrde, men det skjer truleg i løpet av kort tid.
Formannskapet var samla til eit ekstraordinært møte i går kveld der saka var tema. Ingen av medlemmene av formannskapet vil kommentere saka.
Varaordførar Hans Sæter overtek verva for Dravik.