Hopp til innhold

Trappar opp streiken der den allereie rammar breitt

Den pågåande streiken rammar hardt i Sandnes. Frå og med i morgon er alle helsestasjonar, elleve barnehagar, fjorten SFO-ar og seksten skular stengde i kommunen.

Sandnes rådhus

Sandnes kommune er hardt ramma av streiken i offentleg sektor. Bilete er av Sandne rådhus.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Stanley Wirak

Ordførar i Sandnes, Stanley Wirak, håper partane i streiken blir samde så snart som råd.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Dette er svært beklageleg for kommunen sine innbyggjarar, seier ordførar i Sandnes kommune, Stanley Wirak.

Trappar opp

I morgon blir streiken trappa ytterlegare opp i kommunen hans. Dermed vil over 1500 av kommunen sine 4700 tilsette vera ute i streik.

– Det er klart at me byrjar å merka dette nå. Det byrjar å flyta søppel i gatene, og mange kan ikkje levera barna sine i barnehage. Dessverre er det innbyggarane som merkar mest av streiken, seier Wirak.

Sjølv om alle helsestasjonane er stengde, og dei som jobbar med tildeling av sjukeheimsplassar er underbemanna, held kommunen fast på at det ikkje er fare for liv og helse.

– Folk må kanskje venta litt lenger på å få hjelp, og i heimesjukepleien må visse oppdrag utgå. Likevel kan me garantera at dette ikkje skal gå ut over liv og helse, seier kommunaldirektør for levekår i Sandnes kommune, Elin Selvikvåg.

Totalt er det nå 100 sjukepleiarar ute i streik nå, i morgon vil talet vera 150. Alle sjukeheimar vil gå med underbemanning.

Stenger fleire skular og barnehagar

Det er Unio som tar ut ytterlegare 500 medlemmar i Sandnes i morgon. Då vil seksten skular, elleve barnehagar og fjorten SFO-ar vera heilt stengt.

Dette vil merkast godt, seier streikeleiar i Unio, Hans Fredrik Hansen:

– Når det kjem til liv og helse gjer me ut dispensasjonar, men det vil vera svært vanskeleg for kommunen å gje eit bra tenestetilbod elles, seier Hansen.

– Kva trur du skjer vidare nå?

– Eg håper at nokon forstår alvoret i Oslo nå, og kanskje går tilbake til forhandlingsbordet. Eg ser ei regjering som slit litt nå, så kanskje dei kjem med middel eller kraftige føringar til KS.

Også ordføraren i Sandnes kommune håper at konflikten snart kjem til ein ende.

– Eg beklagar at me ikkje kan gje det tilbodet ønskjer, men samstundes er systemet slik at det er moglegheiter for streik om ein ikkje blir samde i lønsforhandlingane. Det eg nå håper er at partane kan setja seg saman og finna ei god løysing.

Stengde barnehagar:

Brueland
Myklaberget
Porsholen
Rissebærstraen
Sandved barnehage
Sandvedhaugen barnehage
Smeaheia barnehage
Stangeland barnehage
Stangelandsforen
Trones barnehage
Varatun

Stengde SFO-ar:

Skeiene
Lurahammaren
Høyland ungdomsskole
Giske ungdomsskole
Øygard ungdomsskole
Sandnes Læringssenter
Lundehaugen ungdomsskole
Iglemyr skole
Ganddal
Kyrkjevollen
Aspervika
Høle
Sviland
Malmheim

Stengde skular:

Iglemyr
Giske
Sandved
Høyland
Øygard
Austrått
Skeiene,
Smeaheia,
Soma-Stangeland,
Sørbø
Hana
Lundehaugen
Lura,
Lurahammaren,
Porsholen,
Sandnes Læringssenter

På Trones har nokre få klassar undervisning.

Også alle dei andre barnehagane, SFO-ane og skulane i Sandnes er ramma av streiken, men vil førebels klara å oppretthalda delar av drifta. Foreldra bør følgja med på heimesidene.

Omsorg

Fleire sjukepleiarar blir tatt ut i streik og det blir arbeidd med å søke om dispensasjonar for opptrappinga. Førebels ingen umiddelbare alvorlege konsekvensar i forhold til liv og helse.

Byggdrift
Reinhaldet i barnehagar skoler blir ramma av streiken. Eventuell stenging på grunn av manglande reinhald avgjøres i kvart enkelt tilfelle av kommunelegen.

Gravlundar og helt nødvendige verdibevarende oppgåver prioritert.

Symje- og idrettshallar
Giskehallen og Riskahallen er stengt

Bibliotek
Sandnes bibliotek har redusert opningstid. Ope frå kl 12.00 til 19.00.