Bølgje av hærverk i Haugesund: – Ingenting overraskar lengre

Velta statue. Raserte toalett. Opprivne blomar. Knuste vindauge. I Haugesund er folk fortvilte over stadig nye meldingar om hærverk.

Opprydding etter hærverk i Haugesund

Her er Geir Våge frå teknisk drift i Haugesund kommune ute og ryddar opp etter at vandalar som var ute langs vegane i Haugesund i helga.

Foto: Tor Arne Johannessen

– Det kan sjå ut som om folk har spart opp energi i halvanna år, som plutseleg får utløp. Det er eigentleg ingenting som overraskar meg lengre.

Vegard Forberg er ansvarleg for park i Haugesund, og han er mildt sagt frustrert over det dei har sett den siste tida.

For når utelivet nå har opna opp, og fleire feststemte folk er tilbake i gatene, merkar dei det også godt i hans avdeling.

– Det er veldig trist

Rutene i friluftshuset i Djupadalen har blitt knuste. Alt som går an å øydeleggja i dei «vandalsikre» toaletta i Haraldsvang har blitt rasert. Benkar har blitt øydelagde.

Og i natt var det bysta av tidlegare forsvarsminister Gunnar Hellesen (1913–2005) som fekk gjennomgå.

Sokkelen til bysta blei velta

Utanfor rådhuset i Haugesund står denne bysta av Gunnar Hellesen, som var forsvarsminister og stortingsrepresentant frå Høgre. Han døde i 2005, og bysta har kome opp etter dette.

Foto: Tor Andre Johannessen

– Dei velta ein tung benk over bysta, og fekk brukt krafta til å velta heile sokkelen, fortel Forberg.

Barnebarnet til Hellesen, Haakon Laastad, driv bilforretning i Haugesund, han likte ikkje å lesa nyheita om bysta til bestefaren i dag.

– Det er veldig trist. Det er slikt ein ikkje skal måtte oppleve. Du kan eigentleg lura på kva som feiler folk, sjølv om det heilt sikkert har noko med alkohol å gjera, seier Laastad.

To ungdommar med sprettart

I tillegg var blomar frå parken der bysta står rivne opp og kasta på bilar.

Den siste tida har også fleire bilskilt og gjerde langs vegen blitt dregne opp frå bakken og kasta. I tillegg har sikringsgjerder ved byggeplassar blitt velta.

På tysdag melde politiet om to ungdommar som skaut med sprettart mot eit butikkvindauge i Haraldsgata. Vindauge knuste.

Og før det blei eit leikeapparat sett fyr på.

Knust rute i Haraldsgata

Denne ruta blei knust etter at to ungdommar skaut med sprettart. Dei to stakk av frå staden.

Foto: Tor Andre Johannessen

Tor Andre Johannessen er frilandsfotograf, og har vore ute og tatt bilde av mykje av det som har skjedd.

Han har tidlegare også opplevd at det har vore bølgjer av hærverk i byen hans, men seier at det har tatt seg skikkeleg opp nå.

– Det er noko på gang i byen vår nå, og det må stoppa, seier han.

Pengane går frå driftsbudsjettet

Isolert sett er ikkje enkelttilfella veldig alvorlege.

Fyllehærverket i helga kosta ifølgje Haugesunds Avis 50.000 kroner. Å fiksa bysta vil ifølgje kommunen truleg koma på rundt 30.000 kroner. Leikeapparatet var dyrare, det vil kosta 250.000 kroner.

Lekeapparat ødelagt av brann

Vegard Forberg ved leikeapparatet som nokon prøvde å setja fyr på i juni.

Foto: Tor Andre Johannessen

Vegard Forberg meiner det er viktig å vita kor pengane til reparasjon blir tatt frå.

– Når slike ting skjer er me ikkje forsikra, så me må ta pengane rett ut frå kommunen sine driftsmiddel. Då går det på kostnad av andre ting. Så dette rammar oss alle, seier han.

Han trur at hærverksbølga dei nå opplever har med pandemien å gjera. At folk kanskje tar han ekstra ut når dei er ute. Håpet er derfor at det også vil gå over snart.

PS: Kommunen melder nå at dei har klart å fiksa bysta av Hellesen med hjelp av lim.

Flere nyheter fra Rogaland