Hopp til innhold

Nå forstår politikarane skulekutta...

...men det er inga trøyst for foreldrerepresentantane. – Det spørs om Stavanger skulen vil kunna tilby den undervisninga som dei er lovpålagde, seier Heidi Baugstad frå FAU ved Hinna skule.

Odd Kristian Reme

Leiar for utval for Oppvekst i Stavanger kommune, Odd Kristian Reme, har før oppklaringsmøte i går ikkje forstått korleis budsjettkuttet for Stavanger-skulane har blitt på over 30 millionar kroner, når dei skulle vera under halvparten.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

– Eg har sagt det fleire gonger før, eg forstår ikkje tala, sa leiar for utvall for Oppvekst i Stavanger kommune, Odd Kristian Reme i forkant av eit oppklaringsmøte i går.

Eit møte som enda opp med at politikarane nå forstår kvifor skulane må kutta så mykje i tilbodet til elevane i Stavanger. Men foreldre-representantane frå grunnskulane i kommunen er like kloke.

Fleire elevar med spesielle behov

Det var administrasjonen som fekk i oppgåve å klara opp i kvifor Stavanger skulane sitt kutt på 12,5 millionar kroner har blitt eit kutt på over 30 millionar kroner.

Og dei byrja med å visa kor uendeleg vanskeleg det faktisk er å forstå dette rekneskapet.

Til tider også for dei sjølve, i alle fall når det skulle bli forklart for folk som ikkje dagleg arbeider med rekneskap og budsjett.

Det som har skjedd er at politikarane har gitt skulane i Stavanger 12.5 millionar kroner mindre å bruka på undervisning.

I tillegg har det skulane fått nye oppgåver utan å få meir pengar, som tilsvarer ekstra utgifter på 20 millionar. Det har skjedd fordi talet på elevar som skulane er pålagde å gi ekstraundervisning til, har auka kraftig.

Skulekutt

Foreldre til elevar i Stavanger-skulen møtte tysdag 31. mai politikarane i kommunen, for å fortelja kva kutta i skulen vil ha å seia for dei.

Foto: Eirin Larsen / NRK

Eit lite håp til foreldra

At politikarane nå forstår kvifor skulane må tola store kutt, og at det delvis er på grunn av elevar med spesielle behov var slett inga trøyst for foreldra som var til stades:

– Situasjonen er framleis at det er for lite pengar til den daglege drifta ved skulane. Derfor sett eg eit spørjeteikn til om Stavanger-skulen vil kunna gjennomføra den undervisninga som dei er lovpålagde, seier Heidi Baugstad som representerar Hinna skole.

Ho føler seg ikkje meir trygg etter møtet i går. For det som nå er slått fast er at kuttet i skulane i Stavanger ikkje er på 12.5 millionar, men på 32-33 millionar kroner.

I den samanhengen gir Reme likevel eit lite håp til foreldra. Ikkje for kuttet politikarane har gjort, altså dei 12.5 millionane. Men at det skal vera råd å gi skulane meir pengar, fordi det har kome til så mange nye elevar, som treng ekstraundervisning.

– Diskusjonen nå vil gå på kva budsjettpartia nå vil gjera, noko eg trur me vil få eit svar på dei nærmaste dagane, seier Reme.