Hopp til innhold

Full forvirring om skulekutt

Det rår i dag full forvirring om skule-budsjettet i Stavanger. For mens politikarane meiner kutta er på omlag 350.000 kroner per skule, varslar fleire skular om kutt i millionklassen.

Skulekutt

Foreldre til elevar i Stavanger-skulen møtte tysdag 31. mai politikarane i kommunen, for å fortelja kva kutta i skulen vil ha å seia for dei.

Foto: Eirin Larsen / NRK

Odd Kristian Reme

Leiar for kommunalstyret for oppvekst, Odd Kristian Reme (Ap), meiner at kutta kan bli mindre dramatisk enn mange fryktar.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Kutta i Stavanger-skulen har vekkja sterke kjensler hos mange og mange har engasjert seg i skuledebatten i byen.

Det som først blei omtalt som kutt på nokre hundre tusen har plutseleg eskalert til kutt i millionklassen.

Meir elevar med spesielle behov

Politikarane som trudde at kuttet berre var på 12,6 millionar kroner har nå fått tal å forholda seg til som dei ikkje kjenner att frå nokon stad. Så kvifor har det blitt slik? Ifølgje økonomisjefen i kommunen, Kjersti Lothe Dahl, er stikkordet omfordeling:

– Du trekk inn pengar for så å dela dei ut att, seier Lothe Dahl.

For skulen i Stavanger ligg det nemleg inne ein pott til såkalla omfordeling på rundt 20 millionar kroner.

– Desse 20 millionar kronene blir trekt inn frå alle skulane i Stavanger, så fordelar ein dei ut der det er størst behov for pengane, seier Lothe Dahl.

I år har utgiftene til elevar med speisalbehov auka med 13,5 millionar kroner samstundes som det blir brukt meir pengar på vikarar, noko som gjer at det blir mindre att av denne omfordelingspotten.

– Treng ikkje bli dramatisk

I tillegg til dei opphavlege kutta kjem altså omfordelinga, noko som gjer at kutta kan opplevast endå større enn det dei er.

Men sjølve budsjett-kutta i Stavanger-skulen kan bli mindre dramatisk enn det mange fryktar meiner leiar for kommunalstyret for oppvekst, Odd Kristian Reme frå Arbeidarpartiet.

Reme understrekar at ingenting er endeleg avgjort før bystyret har behandla budsjettet neste tysdag:

– Ein av moglegheitene me må sjå på er om me gjer nokon nye grep med budsjettet enn det som var planlagt. Sjølv er eg ikkje sikker for eg vil først ha ein full oversikt frå kvar einaste skule før budsjettpartia sett seg saman og skal drøfta dette, seier Reme.