Hopp til innhold

Randi hadde brot i ryggen utan å vite det: – Eg fekk sjokk

Det er store mørketal for kor mange som går med brot i ryggen. Ved sjukehuset i Stavanger er det ved hjelp av eit nytt system oppdaga nye brot i ryggen på 1 av 5 pasientar i år.

Ryggraden til Randi Stokka til venstre og hun selv til høyre

Bildet av ryggrada til Randi Stokka viser kompresjonsbrot ved to av ryggvirvlane markert her med raudt. Ryggvirvlane blir porøse på grunn av beinskjørheit og fell saman.

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

– Eg merka på bunaden at eg hadde blitt kortare. Eg veit ikkje kor mange gonger eg måtte klippe av bunaden fordi han var nedi golvet.

Randi Stokka trudde bunaden hadde sige – igjen. Og gav stoffet skulda. Sanninga var at ho hadde blitt seks centimeter kortare. Ho kjende at ryggen var vond, men trudde ikkje noko var gale.

Då ho måtte inn på legevakta etter eit fall, var overraskinga stor.

– Eg fekk eigentleg sjokk. Eg fekk både vite at eg var beinskjør og hadde brot i ryggen.

På Stavanger universitetssjukehus blir alle over 50 år som kjem inn med eit beinbrot undersøkte for om dei er beinskjøre.

Det siste året har dei tatt i bruk skjema for å ha kontroll på kven som er beinskjøre, kva behandling dei får, om det hjelper, og at det blir gjort likt for alle pasientane.

Sjukehuset er førebels det einaste sjukehuset som gjer denne jobben på denne måten.

– Vi ser at dette skjemaet har god nytte og verdi for pasientane. Det er viktig å få bygd opp beintettleiken igjen for å forhindre nye brot og smerter, seier overlege i ortopedi ved Stavanger universitetssjukehus Ane Djuv.

Overlege i ortopedi ved Stavanger universitetssjukehus

Systematisk registrering av symptom, brot, behandling og helsetilstand gjer at overlege Ane Djuv og kollegaene hennar kan gi eit betre tilbod til beinskjøre på Stavanger universitetssjukehus.

Foto: Åse Karin Hansen / nrk

1 av 5 hadde brot i ryggen

I skjemaet er det mellom anna eit spørsmål om høgd. Har pasienten krympa meir enn fire centimeter, går alarmen.

Ved hjelp av ei ryggundersøking er det oppdaga at 450 av pasientane også hadde brot i ryggen som ikkje var kjend frå før.

Undersøkingane frå skjemaet viser mellom anna:

  • 77 prosent var beinskjøre
  • 20 prosent fekk avdekt brot i ryggen for første gong
  • 55 prosent totalt hadde brot i ryggen

– 450 er ganske mange av dei 2200 vi har screena dette året. Eg tenkjer det er veldig mange som går rundt med brot i ryggen som ikkje veit det.

Illustrasjon av ryggrad som er rammet av beinskjørhet og hvor ryggvirvlene klapper sammen.

Beinmassen inne i eit bein skal sjå ut som den øvste ryggvirvelen viss det er friskt. Dei neste ryggvirvlane er ramma av beinskjørheit og har vorte meir porøse.

Grafikk: Lilia Solonari / Shutterstock/NTB

Pasientar som har fått brot ryggen, har opp mot sju gonger høgare risiko for å få nytt brot dei neste to åra. I tillegg gjer det noko med heile kroppen.

– Når du brekker ryggen sånn gradvis, fell du saman i høgda. Haldninga i kroppen endrar seg, du fell framover og får eit anna balansepunkt som også går utover nakken. Alt av indre organ blir klemt saman. Det har veldig mykje med livskvaliteten og smerter å gjere, seier Djuv.

Mange blir overraska

Fleire pasientar NRK har snakka med fortel at dei vart overraska då dei fekk høyre at dei hadde brot i ryggen. Sjølv om dei hadde krympa fire centimeter eller meir tenkte dei ikkje at det kunne komme av brot i ryggen.

– Det er veldig bra at Stavanger universitetssjukehus har dette skjemaet. Viss ikkje eg hadde komme til behandling, kunne eg enda opp som mor mi gjorde. Ho vart kjempedårleg, seier Randi Stokka.

Randi Stokka ser på boksen med medisiner

Randi Stokka har snart eit år gått på medisinar for å få sterkare beinstruktur. I starten av neste år får ho vite om det har hjelpt når ho skal inn til ny undersøking.

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

Noreg ligg på verdstoppen i talet på beinskjøre. Det finst ikkje heilt nøyaktige tal, men det er grunn til å tru at rundt 300.000 personar i Noreg har sjukdommen.

Alle kvinner over 65 år og menn over 70 år blir tilrådde å få sjekka om dei er beinskjøre.

Kvifor så mange er beinskjøre i Noreg og Norden er det ingen som heilt veit. Men det blir peika på klima, miljø, gen og livsstil som årsaker til den høge førekomsten.

Hadde ikkje tid å vente på nasjonalt register

Ekspertar på brot og beinskjørheit har lenge ønskt seg eit nasjonalt register over dei som har fått brot og om brotet kjem av beinskjørheit.

Dette for å kunne gi betre behandling og skaffe seg meir kunnskap om kven som blir ramma.

Bein med og uten osteoporose eller beinskjørhet

Det øvste beinet har osteoporose eller beinskjørheit, medan det nedste er slik eit bein skal sjå ut på innsida.

Illustrasjon: Shutterstock / NTB

Ane Djuv har stått og står i spissen for å få til det nasjonale registeret.

Det har ho og kollegaene hennar jobba med i åtte år, og det er enno ikkje på plass. Derfor fekk dei laga sitt eige skjema saman med CheckWare og Helse Vest IKT medan dei ventar.

– Arbeidet med eit nasjonalt register er eit sjutrinns prosess som eg har forstått tar den tida det treng. Om det er rein frustrasjon, eller at eg hadde tid og energi til å lage skjemaet? Det var kanskje ein kombinasjon av begge delar, seier Ane Djuv.

Overlege i ortopedi ved Stavanger universitetssjukehus Ane Djuv

Ane Djuv er leiar for register for beinbrot og osteoporoseutgreiing, fagleiar for ortopedisk osteoporosepoliklinikk og overlege i ortopedi ved Stavanger universitetssjukehus for å nemne nokre av rollene hennar.

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

Det har fått internasjonal merksemd gjennom det medisinske tidsskriftet BMJ.

– Det er mange som har vore interessert i å høyre om dette.

Fagdirektør i Helse Vest, Panchakulasingam Kandiah, seier det har vore ei utfordring å finne tekniske løysingar som skal gjere det lettare å leggje inn data i eit nasjonalt register.

Det er blant årsakene til at det tar så lang tid å få til eit nasjonalt register.

– Vi vil ta på oss ansvaret for det nasjonale registeret og kostnadene med det når det til slutt blir godkjent av Helsedirektoratet. Det regnar vi med ikkje er så lenge til, seier Kandiah.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg