Hopp til innhold

Maria (35) er beinskjør – ekspertar krev oppdaterte retningslinjer

Du kan vera beinskjør utan at du veit om det. Ekspertar meiner beinskjørheit er underdiagnostisert og at ein må setja fokus på sjukdommen.

Maria Tørø

BEINSKJØR: 35 år gamle Maria synest det er viktig å vera open om sjukdommen.

Foto: Maria Tørø

Resultata kom som eit sjokk.

For fem år sidan fekk Maria Tørø påvist alvorleg grad av beinskjørheit.

– Eg fekk ei kjensle av at eg berre måtte gå rundt å venta på smellen. Når kjem eg til å brekka noko?

Sjå for deg ei plate med sjokoladen Stratos full av luftbobler. Slik ser beinet ditt ut dersom du er beinskjør.

Ryggsøyla til Maria

Slik ser ryggsøyla til beinskjøre Maria ut.

Foto: Maria Tørø

Rundt 300.000 nordmenn lir av det og mørketala er store.

Kvinner er mest utsette for å bli beinskjøre. Kvinner har lågare beinmasse enn menn. I tillegg stansar produksjonen av kjønnshormonet østrogen i overgangsalderen.

Kjønnshormon er viktig for byggja bein. Etter ein er fylt 50 år, reknar ein at halvparten av kvinnene og ein femtedel av mennene vil oppleva eit brot.

– Følte meg knuseleg

Sjukdomsreisa til Maria starta allereie som barn. Ho hadde barneleddgikt og mangla veksthormon i kroppen. Maria har difor ikkje hatt optimal beinvekst.

I tillegg fekk ho i 2015 påvist Addisons sjukdom. Sjukdommen gjorde at Maria måtte gå på kortison, ein behandling som kan gi svakare beinmasse.

Tre år etter tok ho ein beintettleiksmåling. Då fekk ho vita at ho var beinskjør.

– I starten synest eg det var veldig vanskeleg. Eg følte meg meir knuseleg enn kva eg gjer no.

Maria Tørø på sjukehuset

Addisons sjukdom er ein kronisk sjukdom. Maria er 100 prosent ufør.

Foto: Maria Tørø

Ho sleit med å finna andre i 30-åra som var beinskjøre. Då ho søkte på nettet, kom det opp gymnastikk for eldre. Ho fekk ikkje svar på kva ho som mor til to kunne gjera som beinskjør.

Etter kvart kom ho over eit lærings- og meistringskurs for beinskjøre. Det å vera open om sjukdommen har blitt Maria sin meistringsstrategi. På Instagram deler 35-åringen korleis det er å leva med Addisons sjukdom og å vera beinskjør.

Å halda seg aktiv og å vera ute i naturen har blitt ein viktig medisin for ho, både for den fysiske og mentale helsa.

Maria Tørø

Maria fortel at det å ta vare på helsa er ein fulltidsjobb.

Maria Tørø

På dei gode dagane, er ho aktiv og er ute i naturen.

Maria Tørø

På Instagram deler ho korleis det er å leva med Addisons sjukdom og beinskjørheit, og korleis ho bruker aktivitet og friluft som medisin.

Få får medisin

Men fysisk aktivitet er ikkje nok.

Som ung beinskjør var Maria blant dei som fort fekk medisin. Det er det ikkje alle som får.

Medisinar mot beinskjørheit er billige og effektive og kan bortimot halvera risiko for nye brot. Likevel er det få som får slik behandling.

Maria Tørø får medisinen Aclasta

Maria får intravenøs behandling av medisinen Aclasta. Medisinen er det som blir kalla eit bisfosfonat som er med på å bremsa nedbrytinga av beinmassen.

Ryggsøyla til Maria

Slik ser ryggsøyla til beinskjøre Maria ut.

Forsteo

Ho har også gått på medisinen Forsteo som er med på å byggja opp beintettleiken.

– Det er ein stor underdiagnostisering av beinskjørheit, seier Anne Lise Olsen.

Ho er overlege ved hormonavdelinga på Ahus. I tillegg leiar ho Norsk endokrinologisk foreining si gruppe for beinskjørheit.

Beinskjørheit og brot fører til store kostnadar for samfunnet.

Til dømes kostar kvart hoftebrot helsetenesta 1 million kroner. Med 9000 hoftebrot i året, vil det altså seia 9 milliardar kroner årleg.

– Eg håpar verkeleg at me kan gje denne pasientgruppa auka merksemd. Ikkje minst treng me nye retningslinjer som sørgjer for at pasientar får lik behandling og oppfølging. Uansett kor i landet dei bur, seier Olsen.

Krev nye retningslinjer

Det finst retningslinjer for korleis helsetenesta skal førebyggja, greia ut og behandla beinskjørheit. Desse retningslinjene til Helsedirektoratet er no 18 år gamle. Ekspertane meiner dei er forelda.

– Me har fått mykje ny kunnskap og det har kome ei rekkje med nye, effektive behandlingsformer. Det er på høg tid å få oppdatert felles, nasjonale retningslinjer, seier Kristin Holvik som forskar på beinskjørheit ved Folkehelseinstituttet.

NRK forklarer

Kva er beinskjørheit?

Kva er beinskjørheit?

Kva er beinskjørheit?

Beinskjørheit, eller osteoporose, er definert som ein kombinasjon av låg beinmasse og låg beinkvalitet, som gjer at ein får auka risiko for brot.

Kva er beinskjørheit?

Kva er dei vanlegaste årsakene til beinskjørheit?

  • Overgangsalder
  • Arv
  • Undervekt
  • Inaktivitet
  • Livsstilsfaktorar som røyking og alkoholbruk
  • Hormonsjukdommar
  • Legemiddelbruk som til dømes kortison
Kva er beinskjørheit?

Korleis kan ein førebyggja beinskjørheit?

  • Halda seg i aktivitet
  • Ikkje gå for raskt ned i vekt
  • Variert kosthald
  • Passa på å få i seg nok D-vitamin og kalsium
  • Slutta å røykja og moderera alkoholbruk
  • Østrogensubstitusjon ved tidleg overgangsalder
  • Oppsøka lege om ein er i faresona for å utvikla beinskjørheit
Kva er beinskjørheit?

Kva kan ein gjera dersom ein er beinskjør?

  • Ta medisinar. Dei vanlegaste medisinane blir kalla bisfosfonat
  • Passa på at ein får i seg nok D-vitamin og kalsium
  • Hald deg i aktivitet
  • Førebygg fall. Gå med broddar og bruk stokk eller anna hjelpemiddel om ein er ustø
  • Få hjelp om du skal løfta noko ekstra tungt

Kvinnehelseutvalet konkluderer med det same i rapporten dei la fram i vår.

I rapporten var eitt av tiltaka dei foreslo å «prioritera førebyggjande behandling av beinskjørheit».

Utvalet reknar at kostnaden for tiltaket vil kosta 70 millionar kroner.

– Det vi gjer no i dag er mykje dyrare. Å førebyggja beinskjørheit, er eit billegare tiltak enn det å måtta gjera mange hofteoperasjonar.

Det seier Christine Meyer som leia kvinnehelseutvalet og som no er byrådsleiar (H) i Bergen. Ho ventar i spenning på at regjeringa skal leggja fram sin kvinnehelsestrategi.

Lovar prioritering

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Karl Kristian Bekeng (Ap) seier at regjeringa «vil prioritera kvinnehelse» og at kvinnehelsestrategien kjem til neste år.

Han seier også at «regjeringa vil prioritera førebyggjande behandling mot beinskjørheit».

– Me veit at dersom innsatsen blir dreidd meir i retning av førebygging og tidleg og mindre ressurskrevjande innsats, kan dette bidra til å redusera utfordringane og personellbehovet i helse- og omsorgstenesta framover.

Om dei etterspurde retningslinjene fortel Bekeng at Helsedirektoratet er «i dialog med fagmiljøa blant anna om revisjon av nemnde retningslinje».

– I dialogen er det viktig både å ha med representantar for spesialhelsetenesta og kommunehelsetenesta, seier statssekretæren.

Les også Line (27) trente så hardt at ho vart beinskjør

Line Søraa, bikinifitness

AKTUELT NÅ