– Det er eigentleg ganske trongt her inne.
NRK-reporter Stian Nerheim Kallekleiv har klemt seg inn i ein liten kabin saman med ein fransk journalist. Dei skal ut og fly. Utan pilot.
– Nå skjer det!
Åtte rotorblad byrjar å gå rundt på Generali Arena i Wien i Austerrike. Journalistane er her for å prøva ut framtidas transportmiddel. Autonome passasjerdronar, eller «drone-taxiar», som ein litt forenkla kan kalla dei.
Turen går rett opp, og ned att. Ifølgje Kallekleiv er det som å ta heis på tivoli.
Steinar Nordman Bjugn seier det vil bli ein historisk dag for norsk luftfart når dei går i gang med testflyginga i Nord Noreg.
Foto: Mathias Oppedal / NRKMen Ehang, som har utvikla dronen, har større planar enn dette for maskinane sine.
Om få år kan desse dronane bli vanlege å sjå i bybiletet, også i Noreg.
På plass i Noreg
– Det var kanskje då eg las Donald-blad for lenge sidan at draumen starta, seier Steinar Normann Bjugn, administrerande direktør i Ehang Scandinavia.
Han ønsker å bli ein av dei første i verda med å tilby «taxi-dronar», og har allereie kjøpt inn ei maskin, som nå står på Logi Trans sitt lager i Tananger.
Dronen som snart skal ut på testflyging i Indre Troms, står nå på lageret til Logi Trans i Tananger.
Foto: Mathias Oppedal / NRKBjugn meiner det er realistisk å vera i gang med å fly passasjerar i Noreg allereie neste år.
– Me har nyleg testa denne også i utlandet med folk og den fungerer fint, seier Bjugn.
Snart prøveflyging
Bente Heggedal Løvold er seksjonssjef for ubemanna luftfart i Luftfartstilsynet. Der har dei venta på at det skulle koma ein søknad. Det har dei nå fått frå Ehang Scandinavia.
Bente Heggedal Løvold er seksjonssjef for ubemanna luftfart i Luftfartstilsynet. Ho seier at det er Singapore som er nærmast med å setja i gang med taxiflyging.
Foto: Luftfartstilsynet– Det var kjempespanande for oss å endeleg få ein seriøs søknad på bordet. At han har ein ferdig maskin som står klar, gjer det veldig handfast. Me ser fram til å jobba med denne sertifiseringsprosessen, seier Løvold.
Sidan det truleg ikkje vil vera klart eit felles europeisk regelverk for ubemanna droneflyging før 2022, jobbar dei med sertifisering ut frå det nasjonale regelverket for kommersiell flyging.
Prøveflyginga skal snart skje på eit testsenter i Salangen i Indre Troms.
Det kan verka som fjern framtidsfantasi, men det er eit heilt år sidan den første prøveturen med dronen «Ehang 184» blei gjort i Kina.
– Viktig å pusha på
– Eg er optimistisk, og tenker at me kan vera i gang med dette allereie neste år, seier Bjugn.
Og ifølgje Løvold er ikkje dette heilt ellevill tenking.
– Dersom dei kan dokumentera at dette er trygt, så er det absolutt realistisk med 2020, seier ho.
Bjugn meiner det er viktig at me ikkje heng etter i Noreg.
– Dette blir ein milliardindustri. Det er berre spørsmål om tid. Skal me leda an som land og fylke, må me pusha. Me kan ikkje lena oss tilbake å sjå at nokon andre gjer dette først.
Slik ser dronen til Bjugn ut når den ikkje er pakka ned i ein boks. Målet er at den først skal brukast til å transportera gods i oljeindustrien, for deretter å starta med passasjerfrakt.
Foto: Ehang Scandinavia