Godt nytt år, alle saman.
Takk til alle som har møtt fram her på årets første dag – eg set pris på å starta det nye året saman med dykk.
Takk også til dykk som bidreg musikalsk - det set me stor pris på.
Me har akkurat begynt på eit nytt år, og framfor oss ligg nye muligheiter, hendingar, oppgåver og utfordringar.
Me lever i ein kommune, ein region og eit land som i motsetnad til andre land i Europa og verda elles er prega av vekst og velstand. Me har grunn til å vera takknemlige men også til å ta vare på det me har fått og forvalta det godt.
I Time kommune handlar det i stor grad om å gje gode, framtidsretta og trygge tenester i ein situasjon der folketalet aukar og krava til offentlege tenester ikkje minkar. Folketalet i kommunen var 17 400 i januar og no på nyåret passerer me 18 000 innbyggjarar.
For at næringslivet og også offentleg sektor skal gå rundt, treng me arbeidskraft - hovud og hender. Skal me få nok, må mange av desse koma frå andre land, og me ser at mange nye innbyggjarar i landet har funne vegen til Jæren. I haust hadde eg gleda av å treffa seks av dei nye innbyggjarane i Time under statsborgarseremonien her i Rogaland då dei avga statsborgarløftet. Dei er med å skapa mangfald og grunnlag for vekst i kommunen saman med oss som bur her frå før.
Bryne er byen på Jæren, og for å vera eit regionalt senter må byen framstå som attraktiv både for dei som skal bu der, dei som skal driva handel og næring og dei som kjem dit for handel og opplevingar. I fjor starta arbeidet med ny sentrumsplan, der me ser på korleis Bryne skal utvikla seg fram mot 2025. På den tida reknar me med at det bur 15000 i sentrum, og at byen har eit omland med 75 000 jærbuar. Me veit jo ikkje korleis kommunestrukturen vil sjå ut i framtida, men uavhengig av det er det viktig å byggja ein god by for alle som bur i nærområdet. Mange har sett stor pris på den vakre lyssettinga av Bryne mølle. Dette er eitt av tiltaka i lysplanen vår, og me håper å få enno meir lys i sentrum i åra framover. Me har også sett av midlar til å rusta opp sentrum og skulpturparken noko allerede i år.
Det er også viktig for byen at me har det flotte utfartsområdet i Sandtangen i nærleiken. Me er glade for at Time kommune fant midlar til å bidra litt ekstra slik at me no i samarbeid med Klepp får laga samanhengande lysløype rundt Frøylandsvatnet. Det veit me at mange av innbyggjarane set stor pris på.
I dette året som me er inne i no, kjem me i gang med bygginga av ungdomslokala ved Bryne Mølle. Me er mange som ser fram til at dette kultursenteret skal komma på plass og tas i bruk av ungdommen.
Omsorgssenteret på Kvernaland er me også i gang med – spadestikk vart gjort i fjor og no ser me fram mot etableringa av barnebustader i år og omsorgsbustader neste år.
Eit anna stort bygg me er i gang med, er Idrettsbarnehagen på Vestly. Det vert eit spennande nytt tilbod, med plass til 180 ungar. I ein kommune som satsar på førebygging og sunn livsstil er det veldig bra at me får ein barnehage med eit slikt fokus og ikkje minst med eit slikt flott uteområde og gymsal til disposisjon for ungane.
Veksta i befolkninga er størst blant barn og eldre innbyggjarar.
I tillegg til omsorgseiningar må me difor byggja fleire barnehagar, og nye skular både på Bryne og Kvernaland har me også planlagt i perioden framover, slik at me har kapasitet nok til å møta veksten.
Kommunen skal også sikra at me har god kvalitet og rett hjelp i tilboda våre. Difor har Time både i fjor og i år innovasjon som satsingsfelt. Gjennom dialog med innbyggjarar og brukarar av tenestene ønskjer me å utvikla rette, effektive og gode tenester for framtida.
Førebygging er også eit satsingsområde, der kvardagsrehabilitering, ernæring og kosthald og tidleg innsats er sentralt. Me ønskjer at folk skal kunna vera til stades i eige liv og målet er at alle kan bu heime så lenge som råd. Då er det viktig å gje tidleg hjelp til å førebyggja.
Time kommune gjer sitt for å vera med på å løysa den store bustadutfordringa i regionen, og utbygginga av nye bustader held fram. Me har også lagt ned eit omfattande arbeid i bybåndet sør, og i å finna gode felles løysingar for trafikkutfordringane på Jæren.
Jærregionen er ein viktig pådrivar regionalt og nasjonalt med si drivkraft og skaparevne både når det gjeld næring, landbruk, helse, kultur og andre sektorar. Samhandling Jæren har vist oss korleis me kan byggja gode, nære og trygge helsetenester saman med nabokommunane våre. Dei interkommunale tiltaka Friskliv- og meistringssenteret i Time og Øyeblikkeleg hjelp i Klepp er gode eksempel på kva me kan få til saman. Frå i år skal Time leia Jærrådet, som no består av kommunane Gjesdal, Hå, Klepp, Time og Sandnes. Saman skal me finna fram til sektorar og tiltak me kan samarbeida om for å sikra trygge og gode tenester til innbyggjarane på Jæren.
Time kommune satsar på kultur og livsglede. Gjennom kulturformidling, arrangement
og arenaer som Regionalt kulturhus Storstova, Nasjonalt Garborgsenter, Bryne Mølle og det flotte biblioteket får mange innbyggjarar del i kultur innan mange sjangrar.
Dei frivillige organisasjonane våre legg også ned eit stort og viktig arbeid både innan kultur for barn og unge og på mange andre sektorar. Me har fremragande utøvarar i Time innan mange kategoriar. Nokre av dei vert heidra her i dag, og me er veldig stolte av dykk.
Jærdagen jubilerer i 2014 og Livsgledefestivalen kjem allerede i mars dette året, med arrangement for små og store. Me ser også fram til at Norway Chess med verdsmeister Magnus Carlsen i spissen kjem til Bryne på førsommaren, og me skal feira 10-årsjubileum for Fritz Røed skulpturpark i oktober. Heile Norge skal feira Grunnlovsjubileum i år, og i Time har me planlagt eit innhaldsrikt program saman med lag og organisasjonar. Her vert det mange kjekke arrangement som me håper alle innbyggjarane har lyst til å ta del i.
Kommunestyret har vedtatt eit budsjett for 2014 med vekt på førebygging og på å handtera veksten i alle sektorar. Kommunen har ein trygg og sunn økonomi, sjølv om me som alle andre kommunar må prioritera mellom tiltak me ønskjer å gjennomføra og tenester me ønskjer å styrkja.
Like før jul vart me kjende med ei sak som gjer vondt å høyra om. Ein 27-åring stod fram og fortalte om mobbinga ho vart utsett for då ho gjekk i grunnskulen i Time. Det ho opplevde er noko me i Time kommune skulle ønskja aldri hadde skjedd, og eg vil nytta dette høvet til på vegne av kommunen å be om orsaking for at det kunne skje i vår skule. Sidan 2002 har kommunen jobba med antimobbeprogram i skulane våre, og me har eit politisk vedtatt «manifest mot mobbing». Me har fått positive resultat av denne innsatsen, men har enno ikkje nådd 0-visjonen vår. Uansett kor mykje arbeid me legg ned i dette, så kan mobbing skje, og kvar sak er ei sak for mykje. At dette temaet vert sett på dagsorden, og at nokon har styrke til å stå fram og fortelja om smerten og opplevingane sine på denne måten, er viktig for at me alle skal tenkja på at me må medverka til at mobbing ikkje skjer der me ferdast.
Eg vil samtidig nytta høvet til å gratulera teaterverkstaden på Klepp med deltakarar frå Time og Klepp kommune med den flotte førestillinga deira som me kunne sjå utdrag frå i beste sendetid i Laurdagsrevyen rett før jul. Me er stolte av det de har fått til!
Når me no ser framover mot eit nytt år, ønskjer me å leggja til rette for eit godt lokalt demokrati, med dialog og medverknad, og gjennom gode tenester og eit godt samarbeid med andre vil me som kommune bidra til at Time er eit trygt og berekraftig lokalsamfunn også i framtida.
Eg vil ønskja alle eit godt, innhaldsrikt og framgangsrikt år 2014