Hopp til innhold

Nytt ras i Suldal

Fredag morgon gjekk det eit ras på fylkesveg 517 mellom Berakvam og Jelsa i Suldal.

Ras fylkesveg 517

Raset gjekk mellom Berakvam og Jelsa på fylkesveg 517 fredag.

Foto: Marta-Brit Lunde/Suldalsposten

Vegen var ei stund stengt fordi store steinblokker hadde falt ned frå fjellsida.

Det var då omkøyring om Erfjord (fylkesveg 686 og riksveg 13).

Ein entreprenør blei sendt til staden for å rydda vegen.

Klokka 10.06 melder Statens vegvesen at vegen er rydda og opna for trafikk.

Det er ikkje lenge sidan sist ras i Suldal. Tidlegare denne månaden gjekk det eit ras i Rødsliane på riskveg 13.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Ras i Suldal» i nytt vindu

Flere nyheter fra Rogaland