Hopp til innhold

Ungdommar kritiske til forslag om å ha med foreldre på arrangement

STAVANGER (NRK): Barn under 15 år kan ikkje dra på fotballkamp, konsert eller politiske møte utan foreldre, om forslaget til nye politivedtekter i Stavanger blir vedtekne.

Elever om nye politivedtekter i Stavanger kommune

SJØLVSTENDIGE: Cecilie Sun Eide (t.v.) og Sigrid Stalsberg meiner dei er modne nok til å dra på arrangement utan foreldre.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Eg synest det er gale at ei gruppe med 14-åringar ikkje skal få lov til å gå på Viking-kamp åleine, seier Høgre-politikar Ingebjørg Storeide Folgerø.

Stavanger kommune må ha nye politivedtekter etter samanslåinga med Rennesøy og Finnøy.

I nytt forslag står det:

«Barn under 15 år har ikkje tilgjenge til offentleg allment tilgjengeleg tilstelling utan i følgje med foreldra eller andre føresette. Politiet kan gi dispensasjon ved tilstellingar som blir spesielt arrangert for barn og unge under 18 år.»

– Det er ungdomstida di som blir fråteken. Det er kjipt viss det blir vedteke, seier Sigrid Stalsberg (14).

Ho meiner 14- åringar klarer seg sjølv når det gjeld skule og lekser. Derfor meiner ho det bør vere greitt at vennegjengen dreg på arrangement åleine.

– Det er ikkje like gøy å dra med foreldre. Det er flautt, og du klarer ikkje heilt å vere deg sjølv, seier venninna Cecilie Sun Eide.

Gjelder i Bergen og Kristiansand

– Det betyr i realiteten at dei ikkje kan gå på fotballkamp, konsert på torget, ungdomsfestival eller vere åleine på 17. mai-arrangementer, seier Folgerø.

Ingebjørg Storeide Folgerø

USAMD I FORSLAGET: Ingebjørg Storeide Folgerø (H) meiner 14-åringar skal kunne få dra på Viking-kamp utan føresette.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Ei rekkje forslag til vedtekter er henta frå den lange lista til politidirektoratet over normalpolitivedtekter. Kommunane vel sjølve kva vedtekter dei vil ha.

Høgre-politikaren meiner vedtaket undergrev respekten for lovverket.

– Ein heil del foreldre lèt barna gå på fotballkamp likevel, sjølv om dei veit at det eigentleg ikkje er lov. Då lærer ungane at det ikkje er så nøye, at mor og far bestemmer meir enn politiet.

Enno ikkje bestemt

Politivedtekta om at barn under 15 år ikkje skal ha tilgjenge på «offentleg dans» gjeld framleis i Bergen og Kristiansand.

I Kristiansand har dei teke med ei setning om unntak:

«Unnateke er tilstellingar av ikkje-kommersiell art retta mot barn under femten år».

I Stavanger er dette førebels berre eit forslag som er sendt til høyring. Leiar for utval for miljø og utbygging Rune Askeland (MDG) håpar det blir verande slik.

– Forslaget er henta frå politidirektoratet sine normalpolitivedtekter. Vi har nok ikkje heilt sett konsekvensen av kva det eigentleg inneber. Samtidig er dette ute på høyring, så vi får saka tilbake, og kan justere vedtektene.

Rune Askeland, MDG

VIL HA DEBATT: Rune Askeland (MDG) ler litt av forslaget til politivedtekter som inneber at barn under 15 år ikkje kan sjå ein fotballkamp utan følgje av føresette.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Han håpar at det denne gongen blir høyringsinnspel, at folk engasjerer seg i debatten.

Verken politiet eller ordførar i Stavanger vil seie noko om forslaga som er sendt ut på høyring før fristen går ut 11. november.

Ein del av normalvedtektene til politiet

Politidirektoratet opplyser at vedtekta er ein del av normalpolitivedtektene som er rettleiande. Kvar kommune kan sjølv velje kva delar dei ønska skal gjelde i kommunen sin.

Sjølve punktet om at barn under 15 år ikkje skal ha tilgjenge til offentleg allmenn tilstelling utan følgje med føresette, er ei vidareføring av vedtektene frå 2018.

Då vart det bestemte at omgrepet «offentleg dans» var noko utdatert. Dermed vart det endra til «offentleg allment tilgjengeleg tilstelling».

Sissel Hammer, seksjonssjef i Politidirektoratet

VIL VURDERE: seksjonssjef Sissel Hammer i Politidirektoratet vil ikkje hindre ungdom i gå på fotballkamp.

Foto: Politiet

– Endringa inneber ikkje noka realitetsendring. Bestemmelsen gjeld følgjeleg framleis berre «offentleg dans», og ikkje fotballkampar eller liknande arrangement, seier seksjonssjef Sissel Hammer i Politidirektoratet.

– Vi vil sjå nærare på bruken av avgjerda og om ho framleis er relevant, seier ho.