Hopp til innhold

«Den sunne livsstil» trugar norske tenner

Nordmenn endrar måten dei lever på, og det merkar norske tannlegar. Både stress og «den sunne livsstil» gir fleire folk tannplagar. Nå ropar tannlegar varsko.

– Eg har pasientar som er svært aktive på idrettsfronten. Dei tynar til dømes kroppen sin til det maksimale, på treningsstudio eller i sykkelritt, seier tannlege i Stavanger Kjell Terje Næss.

Han har vore fleire år i bransjen, og har dei siste åra i aukande grad fått inn tannskadar som han knyter direkte opp til nordmenns nye livsstil.

– I løpet av dei siste ti åra har talet på pasientar med syreskadde tenner gått opp med omlag 30 prosent, seier han.

«Den sunne livsstil»

Konklusjonen han trekk frå dette, med Tannlegeforeininga i ryggen, er at fleire nordmenn går over til ein såkalla «sunn livsstil».

Ein livsstil som ofte inneber omlegging av kosthaldet, og eit høgare inntak av sure produkt. Dette gjeld til dømes vegetarianarar, og dei som vil slanka seg, som ofte et mykje frukt.

Men i hovudsak er det den aukane mengda av folk som trenar mykje, han tenkar på:

Nettfeature tannskader

Karina Magkieva frå Russland og Olga Dovazhenko frå Ukraina trenar på SiS sportssenter i Stavanger. Dei har gått over frå sportsdrikk til vatn sidan det er sunt og gratis.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Mange av desse har gjort seg heilt avhengige av sportsdrikkar som er syreholdige, drikkar dei kanskje drikk på ei heil treningsøkt og også utanom treninga, seier han.

Dette er treningsøkter som for mange kan vara i fleire timar. Og medan ein trenar er syreangrepa ekstra farlege, sidan ein har svekka spyttforhold i munnen under trening.

Les òg:

Video Tannskader: Sportsdrikk

VIDEO: Sportsdrikkar gjer at fleire slit med syreskadde tenner. (Foto: Mathias Oppedal)

– Drikk ei flaske til kvar økt

På treningssenteret ved Universitetet i Stavanger, SiS sportssenter, står kjøleskapet med energidrikkar, proteindrikkar og vatn plassert bak disken i inngangspartiet.

Direktør for SiS sportssenter, Anne Tomasgaard, kan fortelja at det er vatn flest folk kjøpar:

Anne Tomasgaard

Anne Tomasgaard som er direktør for SiS sportssenter seier at det er den totale mengda av kva du et som er farleg for tennene. Sjølv drikk ho ei flaske energidrikk til kvar treningsøkt.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Folk her på senteret brukar absolutt mest vatn. Mange tappar frå kranen i eigne flasker og mange kjøper vatnet, seier ho.

Så langt i mai har dei seld for 9000 kroner i vatn og for 4000 kroner i sportsdrikkar som er noko dyrare.

Sjølv høyrer direktøren til dei som går for energidrikk:

– Eg må ha det for å få den energien eg treng, utan går eg tom, seier ho og legg til at ho drikk ei flaske til kvar treningsøkt.

Sidan ho er instruktør i fleire gruppetimar på sportssenteret blir dette mange flasker, men ho er sjølv ikkje uroleg for tennene sine:

– Eg rørar ikkje brus eller søtsaker elles. Det er den totale mengda av kva du puttar i deg som er farleg, seier Tomasgaard.

Ho slår fast at ein usunn livsstil er langt meir farleg for tennene.

– Vatn er det sunnaste

På treningssenteret til Tomasgaard hadde alle som sveitta ved treningsapparata vatn i flaskene då NRK var innom.

– Sjølvsagt! Det er det sunnaste også er det gratis, seier Olga Dovzhenko.

Tidlegare Viking-spelar Maurice Ross, har også vatn i flaska, men fortel at han av og til brukar energidrikk:

– Dagen før kamp og fram til kampen er over er dei einaste gongene eg drikk dette, seier han.

Tenker du på kva det har å seia for tennene?

– Nei, eg er frå Skottland kor me ikkje bryr oss like mykje om tenner som her i Norge, seier han og ler.

Men kjærasten hans som trenar like ved, Annika Torsteinbø, kjenner til fleire som slit med emaljeskadar på tennene:

– Mange drikk med sugerøyr for å unngå kontakt med tennene. Sjølv held eg meg til vatn, eg drikk verken brus eller energidrikk, seier ho.

Annika Torsteinbø

Annika Torsteinsbø meiner ho får i seg nok energi gjennom kosthaldet, og drikk vatn på trening.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Tennene etsar

– Skaden på tennene som skjer med overdriven bruk av sportsdrikkar, og alle andre syreholdige drikkar, blir kalla dental erosjon, seier spesialist i oral proetikk, ei spesialutdanning innan tannlegefaget, Erland Eggum.

Syrene i drikkane etsar på tennenes hardvev. Måten ein ser det på er at tennene regelrett blir nedslipt.

– Dette skjer på alle tannflater, men det er vanlegast å finna det på innsida av tennene i overkjevefronten, seier Eggum.

Han seier at spyttet normalt skal nøytralisera syrer i munnen. Hovudproblemet med idrettsfolk og sportsdrikkar er at dei ofte drikk regelmessig og mykje, meiner han.

– Spyttet kan ikkje nøytralisera syrene om du går og drikk på desse drikkane kvart femtande minutt, seier Eggum.

Dei mest etsande drikkane

I tabellen nedanfor kan du sjekka kor sure ulike drikkar er. Låg pH-verdi vil seia at drikka er sur. Tannlegeforeininga rådar personar med erosjonsproblem til å unngå drikkar med pH under seks.

Syrehaldige drikkar

Drikkevare

pH-verdi

Vatn

6,0

Farris

6,0

Imsdal lime og Bonaqua lemon

3,5-4,0

Olden skogsbær/markjordbær

2,8

Imsdal solbær og jasmine

3,3

Bonaqua silver lemon

3,2

Farris lemon

5,2

Earl Grey te

5,0

Kaffe

4,8

XL-1

4,0

Appelsin jiuce

3,8

Pressa appelsin

3,7

Solo

3,5

Solo lett

3,45

Eplenektar

3,3

Hushaldningssaft

3,1

Champagnebrus

3,1

Urge

3,0

Coca Cola light

3,05

Pepsi Max

2,7

Coca Cola

2,6

Presse sitron

2,4

Ekspander/minimer faktaboks

Dyre skadar

Denne nye «folkesjukdommen» kostar også mykje pengar for staten kvart einaste år. Erland Eggum er også rådgjevande overtannlege for Helseøkonomiforvaltinga (HELFO):

– For heile landet sitt vedkomande var utbetalinga for slike skadar 116 millionar kroner i 2010. Ein kan anslå at dette dekka omlag halvparten av den reelle utgifta pasientane hadde.

Han seier at trenda med syreskadar særleg er aukande hos unge menneskjer:

– Med utgangspunkt i ein studie som blei gjort i Storbritannia for nokre år sidan, går ein ut frå at omlag 25 prosent av norske ungdommar har syreskadde tenner.

Han meiner derfor at det er grunn til å ropa eit varsko om syreskader på tennene til unge. I november skal foreininga for oral protetikk ha eit landsdekkande møte der dette emnet er på dagsorden.

Les òg:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Mange stressar

«Ein sunn livsstil» er ikkje den einaste folketrenden tannlegen Kjell Terje Næss har bite seg merke i. Frå tannlegestolen sin meiner han å sjå at folk stressar meir nå enn tidlegare.

Dette visar seg ved at han ser meir til abrasjonsskadar, eller sagt med andre ord, fleire folk gnissar tenner.

– Dette kan føra til at folk beint fram tygg i stykk tennene sine, bitar kan falle ut, og ein slit ned emaljen på tennene, seier han.

Les òg:

Kan føra til hol

I fleire høver seier han at slik tanngnissing har ført til at kroner har lausna og at det har danna seg hol som pasientane ikkje har oppdaga.

Gnissing eller skjæring av tenner gjer og emaljen svakare slik at det lettare kan bli hol.

Han oppdagar både på kjevemuskulaturen og på tennene at pasientane han har inne stressar mykje:

– Du kan sjå at muskulaturen i kjevane er kraftige, og tennene er nedslipt og flate, nærmast som ein slipt diamant, seier han.

– Kva slags folk er det som oftast har desse skadane?

– Dette er også ofte idrettsfolk, men jamt over er det folk med ambisjonar, flinke folk som vil rekka over alt og også eldre folk, seier Næss.

Video da7a1d96-af9b-431c-ae60-d941a4f6dc9f.jpg

VIDEO: Stress førar til tanngnissing. (Foto: Mathias Oppedal)

Trendar og tenner

Det er ikkje første gong at trender i tida viser igjen på tennene til folk.

Etter andre verdskrig såg tannlegar store endringar i norske munnar. Frå å ha lite sukker under krigen auka sukkerkonsumet kraftig etter krigen.

Dette gjorde at mange fekk hol, og at det generelt stod dårleg til med tennene til folk i 50-åra. På 70-talet blei fluor-tannkremen allemannseige, noko som revolusjonerte tannhelsa hos nordmenn.

Nå er det altså syrlege drikkar og stress som er dei nye trugslande for Ola og Kari si tannhelse.

Tannlege Næss ber dei idrettsutøvande passientane sine om å bruka meir vatn:

– Men eg veit at det mange gonger kan vera svært vanskeleg å motstå desse drikkane, eg har sjølv gått Skarverennet og synda. Når kroppen er heilt utmatta treng ein energi, men ein bør drikka mest vatn for tennene sin del, seier han.

Mykje kan skada tennene

Leiar i Rogaland Tannlegeforening, Kristina Heskje, ser også korleis livsstil påverkar tannhelsa. Ho minnar om at alt du puttar i munnen, som ikkje er vatn, kan skada tennene dine.

– Er det ikkje godt nok så lenge drikka ikkje inneheld sukker?

– Mange tenker nok slik, men endåtil Farris har litt syre i seg – gjennom kolsyra, sier hun.

Likevel er det minimalt med syre ein snakkar om her.