Hopp til innhold

Noregspremiere på «Se meg» med Pia Tjelta og Kristoffer Joner

Onsdag kveld hadde filmen «Se meg» med Pia Tjelta og Kristoffer Joner noregspremiere under Bergen Internasjonale Filmfestival.

Filmen, der Tjelta spelar ein lærar som innleier eit forhold til ein asylsøkjar, har fått rosande omtalar internasjonalt.

Tjelta vunne pris for beste kvinneleg skodespelar ved festivalen Karlovi Vari i Tsjekkia.

Tjelta er særleg glad for å bli gjenforeint med Kristoffer Joner på lerretet, meir enn 20 år etter at dei spelte saman i kultklassikaren Mongoland.

– Dette er kanskje ein av dei mest krevjande tinga eg har gjort, trur eg. Men òg veldig givande. Eg er så takknemleg for å ha blitt kjent med Nina (Krag, journ.anm.) og fått vore i same rom som Kristoffer, seier Tjelta når NRK møter ho på den raude løparen.

Pia Tjelta et al. poserer for et bilde