Hopp til innhold

Folket vil ha nytt stort kyrkjesenter på branntomta i Kopervik

Etter Kopervik Kyrkje brann ned i 2010 er det eit lokalt ønskje om å få på plass eit stort kyrkjesenter til 75 millionar kroner.

Kopervik kyrkje frå lufta

Kyrkjetomta ligg midt i Kopervik sentrum, på Karmøy.

Foto: Google Earth

– Eg trur at folk får eit nærmare forhold til kyrkja om det skjer meir enn berre seremoniar i ho, seier Karin Naley.

Ho var ei av fleire frammøtte under eit godt besøkt folkemøte på Karmøy i går. Her blei framtida for branntomta på Kopervik diskutert.

– Breiare kulturtilbod

Dei fleste tok til orde for eit nytt stort kyrkjesenter, der Kopervik kyrkje stod fram til ho brann i mai 2010.

– Eg meiner det er viktig at kyrkja skal ha eit breiare kulturtilbod enn berre seremoniar, seier Naley.

Ho vil at alle kyrkjefunksjonar skal samlast under eit tak i det nye senteret. Dette støttar opp om byggekomiteen sine planar om ei kyrkje til 75 millionar kroner.

Video KIRKEBRANN-NY-280510_RO.mp4

►SJÅ ARKIVVIDEO: Her brenn Kopervik kyrkje i mai 2010.

Framtida

Aslaug Kongshaug er medlem av kyrkjelydsrådet, og heldt innlegg på folkemøte i går. Ho fekk stor applaus då ho støtta ei stor og moderne kyrkje.

– Dette er framtida, og det innser dei fleste. Dette er vegen å gå om me skal bygga slik at kyrkjelyden kan bli større er det ingen veg utanom.

Valter Vorraa var ein av få som ikkje klappa etter innlegget til Kongshaug. Han har leia ein underskriftsaksjon for å byggja ei mindre kyrkje på branntomta.

Etter møte i går innsåg han likevel at han kjempar mot straumen.

– Tapt fullstendig

– Me har tapt fullstendig i salen her i dag, det er det ikkje tvil om, seier Vorraa.

Applausen han fekk var ikkje på langt nær like overveldande som applausen til Kongshaug.

Han vil nemleg at ei enklare seremonikyrkje skal bli bygd på branntomta, og at ungdoms- og alderssenteret sør for kyrkja skal bli nytta til alle andre aktivitetar. Slik var det også før brannen.

– Både applausen og dei andre innlegga tyder på at dette ikkje er noko folk flest vil ha, men det er heilt greitt. Me bøyer oss for eit fleirtal, seier Vorraa. Han håper likevel at det vil bli ei formell avstemming i eit kyrkjelydsmøte.

Generasjonskamp

Kongshaug seier at ho har stor respekt for Vorraa og arbeidet han har lagt ned i kyrkja i Kopervik, men meiner at det er på tide å sleppa nye krefter til.

– Nå er det generasjonen vår som må sleppa til. Me må gjera ein like god jobb som han, for å bygga ein sterk kyrkjelyd. Me vil berre gjera det på ein annan måte, seier ho.

Det er seksti år mellom dei to, som hadde kvar sine meiningar om korleis branntomta skal utviklast.

Om ein dømmer etter applausen i folkemøte er altså ingen tvil, den yngre generasjon har vunne kampen.

Det står likevel att 6,7 millionar kroner i finansieringa av eit kyrkjesenter. Dette var eit krav Kristeleg folkeparti lova å innfri, og la press på Arbeiderpartiet sin Jarle Nilsen under folkemøtet i går.

Han svara slik.

– Eg veit at partiet mitt vil leita med lys og lykter for å finna meir pengar til dette. Eg kan ikkje sei kor mykje me finn, men me skal garantert finna meir pengar, seier han.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg